1443915560
Imf Stord

Advertise on podcast: Imf Stord

This podcast has
138 episodes
Language
English
Explicit
No
Date created
2018/11/20
Latest episode
2026/10/11
Average duration
34 min.
Release period
16 days

Description

Velkommen til Imf Stord - eit fellesskap med hjarta for Stord. Levande og inkluderande. Nær til Gud og nær til menneske.

Unlock Imf Stord podcast Email contact info,
Listeners & Audience details

Email contact information

Direct podcast contact details

Listeners

Audience numbers & engagement insights

Audience details

Podcast Insights

Podcast episodes

Check latest episodes from Imf Stord podcast


Gud leidde oss til ein liten landsby i Romania
2026/10/11
Hilde og Simen kjende på eit kall om å reisa på misjonstur, men visste ikkje kvar dei skulle dra eller kva som venta dei. Gjennom bøn, uventa møte og praktisk hjelp fekk dei oppleva korleis Gud opna dører i ein liten landsby i Romania. Her fekk dei dela ut mat, be for menneske i vanskelege livssituasjonar og erfara at Gud ser kvar enkelt. Ei sterk forteljing om å lytta til Gud, våga å ta steg i tru og oppdaga gleda ved å gå dit han kallar.
Gjer opp – og lev i tilgiving
2026/10/05
Jesus set ein høg standard: Vi skal ikkje berre passe på det vi gjer, men også det som skjer i hjartet. Sinne, bitterheit og konfliktar kan få store konsekvensar. I denne talen tek forkynnaren utgangspunkt i Matteus 5 og utfordrar oss til å gjere opp med menneske vi har noko uoppgjort med. Samtidig peikar han på noko endå større: Vi kan aldri gjere opp all vår skuld sjølve. Difor treng vi Jesus – han som stryk ut gjelda vår og gir oss eit liv i tilgiving og nåde. Med personlege historier, humor og alvor blir dette ei sterk påminning om kva evangeliet eigentleg handlar om: Vi fortener det ikkje, men Jesus har gjort opp for oss.
Korleis veks Guds rike?
2026/09/29
Kva er eigentleg Guds rike – og kva betyr det for oss i kvardagen? I denne talen tek Torstein Fosse oss med gjennom Markus 4 og Jesu ligningar om såmannen, frøet og sennepsfrøet. Vi ser på Guds rike som Guds kongeherredømme, og på spenninga mellom at riket allereie er kome med Jesus, samtidig som vi ventar på at det ein dag skal kome fullt og heilt. Men korleis veks Guds rike medan vi ventar? Talen handlar om evangeliet, Guds ord, misjon og vår rolle som kristne. Vi blir utfordra til å vere god jord, så Guds ord og vere til velsigning for menneska rundt oss. Eit viktig spørsmål står igjen: Korleis kan Guds rike få vekse gjennom ditt liv?
Hva slags konge er Jesus?
2026/09/13
Jesus forkynner at Guds rike er kommet nær. Men hva slags konge er han?I Mark 1:16–2:17 ser vi hvem Jesus kaller, hvilken myndighet han har, og hva han bruker makten sin til. Han setter fri, helbreder, renser og tilgir. Og etter hvert blir det tydelig hvor denne kongsmakten fører ham: til korset, der Menneskesønnen gir sitt liv som løsepenge for mange.En tale om kongens makt, medfølelse og kall: «Følg meg.»
Det gamle evangeliet som framleis forandrar liv - Elin Solheim
2026/09/06
Kva skjer når Guds lys får sleppe inn i dei romma av livet vi helst vil halde skjult? I denne personlege og utfordrande talen blir vi tekne med tilbake til bedehustradisjonen og det enkle, men kraftfulle evangeliet om synd, nåde og tilgjeving. Med eigne erfaringar, sterke forteljingar og bibelske perspektiv peikar talaren på den same vegen som alltid har vore kristenlivet sitt fundament: å kome til Jesus slik vi er, ta imot tilgjeving og leve i nær fellesskap med Han. Ei varm oppmoding til å la Guds nåde forme både hjartet, kvardagen og livet med Gud.
Tor Espen Kristensen - «Riket er kommet nær»
2026/08/30
Talen tar utgangspunkt i Markus 1,1–15 og viser hvordan Jesus blir presentert som Guds Sønn og den lovede kongen. Med Jesus er Guds rike kommet nær. Evangeliet er først og fremst kunngjøringen om hva Gud har gjort, og kaller oss til å vende om og tro.
Misjon begynner med Jesus
2026/08/23
Nils Fredrik Rifsgård snakker om misjon – og om kallet til å være med og bygge Guds rike. Med utgangspunkt i Misjonsbefalingen minner han oss om at misjon ikke bare handler om å reise langt bort, men også om menneskene vi møter i hverdagen. Jesus sender vanlige mennesker, båret av hans nåde, kraft og nærvær. Hvem kan du be for, invitere og gå noen steg sammen med?
Å byggja Guds menighet – saman
2026/08/16
Reidar Brevik taler om å byggja Guds menighet – ikkje først og fremst gjennom store program eller synlege oppgåver, men gjennom menneske som lever i nærkontakt med Jesus og med kvarandre. Talaren brukar tre bilete frå Bibelen: Vi er levande steinar i eit åndeleg hus, greiner på vintreet og lemmer på Kristi kropp. Poenget er at alle er viktige i fellesskapet, uansett rolle, oppgåve eller synleg teneste. Berre det å vera til stades, be for kvarandre og bidra til eit varmt og inkluderande fellesskap, er med på å byggja Guds menighet.
Eg elskar deg, eg tilgjev deg, maten er klar
2026/06/08
Kor finn vi kvile når livet er fullt av uro, krav, bekymringar og rastløyse? I denne talen frå IMF Stord tek Edvard Thormodsæter oss med inn i Hebrearbrevet kapittel 4 og den sterke invitasjonen frå Jesus til menneske som strevar og ber tunge byrder. Med utgangspunkt i Augustins kjende ord om at hjartet vårt er rastlaust til det finn kvile i Gud, peikar han på den djupaste kvila vi alle lengtar etter. Gjennom forteljingane om Israelsfolket, den bortkomne sonen, Salme 23 og eigne erfaringar frå retreat og stillheit, utfordrar Edvard oss til å spørja kva det er vi eigentleg set vår lit til. Er det kontroll, prestasjonar og eigne løysingar – eller vågar vi å kvila i det Gud alt har gjort?
Kva handlar eigentleg pinsen om?
2026/06/01
Kva handlar eigentleg pinsen om? Var Den heilage ande borte før pinsedag – eller skjer det noko heilt nytt når Anden kjem over disiplane i Apostelgjerningane 2? I denne talen frå pinse i ImF Stord tek Tor Espen Kristensen oss med inn i dei store linjene i Bibelen – frå skapinga og Edens hage, via tabernakelet og tempelet, til Jesus og pinsedagen. Han viser korleis pinsen ikkje berre handlar om vind, eld og overnaturlege teikn, men om at Gud kjem nær med sitt heilage nærvær. Gjennom talen får vi sjå korleis Jesus oppfyller det tempelet peika fram mot, og korleis Guds folk no er eit tempel for Den heilage ande. Pinsen handlar difor både om fellesskap med Gud, kraft frå Anden og starten på den store misjonsrørsla ut til heile verda. Dette er ei tale om Guds nærvær, kvile, misjon og evangeliet om Jesus – og ei påminning om at den som trur på Jesus, er Guds barn og har fått Den heilage ande.
Når stormane kjem – om kvile og fred midt i uroa
2026/05/11
I denne talen tek John-Inge Rolfsnes utgangspunkt i forteljinga om då Jesus stilla stormen på Genesaretsjøen.  Gjennom personlege erfaringar, bibelrefleksjonar og sterke vitnesbyrd deler han tankar om korleis Gud kan gi fred og tryggleik midt i livets mest krevjande stormar.  Talen handlar om å minnast Guds truskap, om å ta Jesus med i overgangane i livet – og om kvila som finst hos Han, sjølv når alt rundt oss ristar.
Hvile som forvandler – om rytmen Gud har lagt ned i livet
2026/04/26
En personlig og annerledes tale fra Svein Bjarne Aase om hvile, rytme og det å sitte ved Jesu føtter. Med bilder fra vårens natur, bibelske perspektiver og sterke historier fra eget liv og møter med mennesker, løftes betydningen av stillhet, nærhet til Gud og å velge «den gode delen». En invitasjon til å finne tilbake til hvilen – der livet vokser i det skjulte.
Elin Solheim - Det er makt i de foldede hender
2026/04/13
Ei sterk og personleg tale om bønn – og krafta i dei folda hendene. Her får vi høyre vitnesbyrd om korleis trufaste bestemødrer, forbederar og menneske i det stille kan vere med og forandre liv. Gjennom historier frå eige liv, Bibelen og vekkingshistoria blir vi minna om at bønn ikkje handlar om prestasjon, men om relasjon – ein open kanal til Gud, midt i kvardagen. Ei oppmuntring til å ikkje gi opp – verken på bønn eller menneske.
«Jesus i hagen» - Tor Espen Kristensen
2026/04/07
I denne påsketalen tek Tor Espen Kristensen oss med inn i «Jesus i hagen» – og viser korleis hagen går som ein raud tråd gjennom heile påskeforteljinga. Frå Edens hage, der mennesket fall, til hagen ved grava der Jesus stod opp att, peikar alt mot Guds plan om å føre oss tilbake til fellesskap med seg. Gjennom sterke bilete og bibelforteljingar løftar talen fram kven Jesus eigentleg er – ikkje berre ein historisk person, men den levande Frelsaren som har opna vegen heim til Gud.
Korleis finne kvile i ein travel kvardag?
2026/03/14
I denne talen deler Johannes Olsen, bonde og lærar, ærleg frå si eiga reise med å finne ro i ein travel kvardag. Med utgangspunkt i sabbaten i Bibelen og erfaringar frå sitt eige liv, snakkar han om kvifor kvile er så viktig – og korleis travelheit ofte hindrar Åndens frukt i å vekse i oss. Gjennom konkrete døme og praktiske råd får vi hjelp til å tenkje nytt om rytmen i livet: å stoppe opp, kvile, gle seg og tilbe. Målet er ikkje eit perfekt liv, men å finne ei djupare kvile hos Jesus – midt i kvardagen.

Podcast reviews

Read Imf Stord podcast reviews


0 out of 5
0 reviews

Podcast sponsorship advertising

Start advertising on Imf Stord relevant audience podcasts


What do you want to promote?