1484035411
SunnhordlandPodden

Advertise on podcast: SunnhordlandPodden

This podcast has
434 episodes
Language
English
Explicit
No
Date created
2019/10/18
Latest episode
2026/11/02
Average duration
57 min.
Release period
8 days

Description

Målet mitt er at podkasten skal bidra til ein framsnakkinskultur, bulyst og auka kjennskap til alt det spennande som skjer i Sunnhordland. Du som lyttar vil bli betre kjent med dei som står på som Gründere, i Næringsliv, Idrett, Frivillig arbeid og Kulturliv. Podkasten blir produsert av Kjetil Fyllingen. Har du innspel til kven me skal intervjua på SunnhordlandPodden? Då er det berre å ta kontakt - [email protected] Bli en betalende abonnent: https://podcasters.spotify.com/pod/show/sunnhor

Unlock SunnhordlandPodden podcast Email contact info,
Listeners & Audience details

Email contact information

Direct podcast contact details

Listeners

Audience numbers & engagement insights

Audience details

Podcast Insights

Podcast episodes

Check latest episodes from SunnhordlandPodden podcast


Slik kjem du i gang med jakt – Geir Innvær om hjortejakt, jegerprøven og jaktlivet
2026/11/02
Kva skal til for å bli jeger, og korleis kjem ein seg eigentleg i gang med hjortejakt? I denne episoden møter du Geir Innvær frå Bømlo – mannen bak YouTube- og Instagram-profilen «Jakt med Geir». Geir har vakse opp i ein jaktfamilie og har jakt som ein stor del av livet. Han fortel om hjortejakt på Vestlandet, reinsdyrjakt i Suldalsheiane og elgjakt i Nord-Noreg. Me får høyra om adrenalinet når hjorten kjem på skothald, jakthunden Ravn, gode jaktkameratar og gleda over å hauste sin eigen mat frå naturen. Geir brenn også for å rekruttere nye jegerar. Gjennom prosjektet «Lærlingen» har han teke med Emil frå Stord på vegen frå jaktinteressert nybyrjar til hjortejeger. Kva må du gjere for å ta jegerprøven? Korleis finn du ein stad å jakte? Og kva utstyr treng du eigentleg? Ein episode for deg som elskar jakt, vurderer å bli jeger eller berre er nysgjerrig på livet som jeger på Vestlandet. Sponsor: Jarle Steinsland AS Rørlegger og flislegger med hovedvekt på rehabilitering av bad/våtrom.  Jarle har over 20 års erfaring, og han er den rørleggeren jeg ringer til når noe skal fikses hjemme hos oss. Han har blant annet pusset opp et par bad og montert en flott dusj her, så eg kan trykt anbefale deg å ta kontakt med Jarle Steinsland om du trenger en dyktig rørlegger. https://www.jarlesteinsland.no
Elin Rydningen - om å flytte heim til Bømlo, pendling til Zanzibar og å våga å velja annleis
2026/10/26
Etter nesten 40 år i Stavanger har Elin Rydningen flytta heim til Bømlo. Ho brenn for hagar, landskapsdesign og berekraftige løysingar, og gjennom Blomen Hage og Landskap får ho brukt både kreativiteten og interessa for naturen. I denne episoden snakkar me om alt frå permakultur og drivhusprosjekt til draumen om eit lite gjenbrukshus på Bømlo. Men me kjem òg inn på helse, livsval og kvifor Elin reiser til Zanzibar for å leva annleis. Kva skjer når ein vågar å tenkja nytt og gå eigne vegar? Og korleis kan me skapa eit liv som gir rom for både natur, skaparglede og nye perspektiv?  Og ikkje minst - Kan ein kopp te verke betre enn silikonimplantat? Elin deler eit overraskande kjerringråd om marikåpe.  Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden: I dag har podkasten ingen sponsor. Det er ikkje alltid like lett å få sponsorar til kvar episode av Sunnhordlandpodden – men heldigvis finst det ein liten gjeng som støttar podkasten som støtteabonnentar. For 29 kroner i månaden er dei med og gjer det mogleg å halde podkasten i gang. Slike bidrag betyr meir enn du kanskje trur, og gjer det lettare å lage nye episodar som løfter fram spennande folk og gode historier frå Sunnhordland. Har du glede av podkasten og har lyst til å vere med og heie? Då kan du bli støttespelar. Gå inn på: ⁠https://members.spotify.com/to/sunnhordlandpodden ⁠ Du kan og Vippse støtte til: #68986
Truls Horvei - Frå journalist til forfattar og kunstnar - om livet etter arbeidslivet
2026/10/19
Truls Horvei har brukt eit heilt yrkesliv på å fortelja andre sine historier. Etter mange år som journalist i Haugesunds Avis har han dei siste åra vært ein fri mann med tid til å skriva bøker, måla bilete og utforska nye lidenskapar. I denne episoden av Sunnhordlandpodden snakkar me om kulturjournalistikk, forfattardraumar, møtet med Jon Fosse og overgangen til pensjonistlivet. Truls deler òg gode råd til andre som nærmar seg pensjonsalderen: Finn noko du brenn for, og bruk fridomen til å leva livet! Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden: I dag har podkasten ingen sponsor. Det er ikkje alltid like lett å få sponsorar til kvar episode av Sunnhordlandpodden – men heldigvis finst det ein liten gjeng som støttar podkasten som støtteabonnentar. For 29 kroner i månaden er dei med og gjer det mogleg å halde podkasten i gang. Slike bidrag betyr meir enn du kanskje trur, og gjer det lettare å lage nye episodar som løfter fram spennande folk og gode historier frå Sunnhordland. Har du glede av podkasten og har lyst til å vere med og heie? Då kan du bli støttespelar. Gå inn på: https://members.spotify.com/to/sunnhordlandpodden Du kan og Vippse støtte til: #68986
Remembering Kenneth Sivertsen - med Franc Ole Olsen og Christoffer Naustvåg Lillestøl
2026/10/12
Kenneth Sivertsen var eit musikalsk unikum frå Moster på Bømlo – ein kunstnar med ei heilt spesiell stemme, eit enormt talent og musikk i alle sjangrar. Men kven var mennesket bak musikken? I denne episoden møter du Franc Ole Olsen svoger til Kenneth og Christoffer Naustvåg Lillestøl frå foreininga Remembering Kenneth. Dei deler personlege minne og gode historier om Kenneth, frå barndommen og dei første gitargrepa til samarbeidet med Herborg Kråkevik og dei mange musikalske skattane han etterlet seg. Kvifor fortener musikken hans større merksemd i dag? Og korleis kan vi halda arven etter ein av dei største kunstnarane Sunnhordland har fostra, levande? Dette er ei varm og personleg samtale om eit stort talent, eit godt menneske og ein kulturskatt vi ikkje må gløyma. Sponsor: Moster Elektro – din lokale elektrikar i Sunnhordland! Treng du ein elektrikar du kan stole på? Moster Elektro har sidan 2006 levert elektroinstallasjonar til både privatkundar, næringsliv og offentlege aktørar. Med 20 tilsette, solid fagkompetanse og lang erfaring tek dei på seg både små serviceoppdrag og større prosjekt. Her får du god service, godt handverk og konkurransedyktige prisar. Har du eit prosjekt på gang? Ta kontakt med Moster Elektro for ein uforpliktande prat! Sjekk ut: mosterelektro.no
Espen Bore Hollund - om sjeldne fuglefunn, 44 000 bjørkefinkar, naturvern og fuglar i Sunnhordland
2026/10/05
Kva skjer når ein «all in»-person får fuglar som hobby? Då blir det fort både kamera til mange tusen kroner, fugleeksamen, sjeldne artar og ei eigen fuglebok!  Espen Bore Hollund frå Bømlo har gått frå rock og metal, solceller og heimeautomasjon til å bli ein ivrig fuglekikar og naturfotograf.  Han fortel om sjeldne fuglefunn, 44 000 bjørkefinkar, fugleturar til Svalbard – og kvifor rustsnipe på Bømlo blei starten på eit mykje større fugleeventyr. Me snakkar òg om naturvern, fuglekassar, korleis du kan kome i gang med fuglekikking – og kvifor Sunnhordland faktisk er ein spennande plass for fugleinteresserte. Ein episode for både fuglenørdar og deg som berre lurer på kva det eigentleg er folk ser etter når dei står med kikkert i veikanten. Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden: I dag har podkasten ingen sponsor. Det er ikkje alltid like lett å få sponsorar til kvar episode av Sunnhordlandpodden – men heldigvis finst det ein liten gjeng som støttar podkasten som støtteabonnentar. For 29 kroner i månaden er dei med og gjer det mogleg å halde podkasten i gang. Slike bidrag betyr meir enn du kanskje trur, og gjer det lettare å lage nye episodar som løfter fram spennande folk og gode historier frå Sunnhordland. Har du glede av podkasten og har lyst til å vere med og heie? Då kan du bli støttespelar. Gå inn på: ⁠⁠⁠⁠⁠⁠⁠⁠https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe ⁠
Adrijan og Emre - om Håndbak, treningsglede og store ambisjonar
2026/09/28
Kva skal til for å bli god i håndbak – og kva skjer når ein kombinerer treningsglede, konkurranseinstinkt og viljen til å bli betre? I denne episoden møter vi brørne Adrijan Martiin og Emre Lundsvoll-Myhre, som begge brenn for håndbak. Emre har mellom anna konkurrert i NM i U18-klassa under 65 kilo, medan Adrijan kombinerer interessa for sporten med læretid innan fiskeoppdrett. Om litt skal Emre representere Norge i VM i India! Vi snakkar om trening, konkurransar, meistring og miljøet rundt Lindas Gym. Korleis er det å førebu seg til store meisterskap? Kva krevst for å utvikle seg – og kva er det som gjer håndbak så fascinerande? Ein episode om styrke, fellesskap, ambisjonar og gleda ved å bryne seg på andre. --- Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden: I dag har podkasten ingen sponsor. Det er ikkje alltid like lett å få sponsorar til kvar episode av Sunnhordlandpodden – men heldigvis finst det ein liten gjeng som støttar podkasten som støtteabonnentar. For 29 kroner i månaden er dei med og gjer det mogleg å halde podkasten i gang. Slike bidrag betyr meir enn du kanskje trur, og gjer det lettare å lage nye episodar som løfter fram spennande folk og gode historier frå Sunnhordland. Har du glede av podkasten og har lyst til å vere med og heie? Då kan du bli støttespelar. Gå inn på: ⁠⁠⁠⁠⁠⁠⁠https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe ⁠
Family Taste Bømlo – the flavours of Ukraine and Turkey on Bømlo
2026/09/21
In this episode, we meet Anastasia from Ukraine and Samet from Turkey – the couple behind Family Taste Bømlo. After moving to Norway and settling on the island of Bømlo, they decided to build something together: a small food business based on family recipes, authentic ingredients and food traditions from Ukraine and Turkey. We talk about the fascinating connection between the two food cultures, homemade pelmeni, vareniki, börek, pide and sourdough bread – and why food can be such an important part of identity, family and community. They also share their experiences of moving to Bømlo, discovering Norwegian culture, learning the language and starting a business from their own kitchen. And then there is the dream: opening their own bakery in Bømlo. A warm and tasty conversation about food, family, immigration, entrepreneurship, culture and having the courage to give something new a try. - - - I denne episoden møter du Anastasia frå Ukraina og Samet frå Tyrkia – ekteparet bak Family Taste Bømlo. Dei kom til Bømlo etter å ha flytta til Noreg, og bestemte seg for å skape noko saman: heimelaga mat basert på familieoppskrifter, matkultur og gode smakar frå Ukraina og Tyrkia. Vi snakkar om møtet mellom to matkulturar, om pelmeni, vareniki, börek, pide og surdeigsbrød – og om kvifor mat kan vere ein viktig del av både identitet og fellesskap. Du får også høyre om livet på Bømlo, møtet med norsk kultur, den litt uventa opplevinga av at nordmenn faktisk er ganske hjelpsame – og draumen om ein dag å opne sitt eige bakeri. Ein varm og smakfull prat om mat, familie, integrering, gründarskap og det å våge å prøve noko nytt. --- Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden: I dag har podkasten ingen sponsor. Det er ikkje alltid like lett å få sponsorar til kvar episode av Sunnhordlandpodden – men heldigvis finst det ein liten gjeng som støttar podkasten som støtteabonnentar. For 29 kroner i månaden er dei med og gjer det mogleg å halde podkasten i gang. Slike bidrag betyr meir enn du kanskje trur, og gjer det lettare å lage nye episodar som løfter fram spennande folk og gode historier frå Sunnhordland. Har du glede av podkasten og har lyst til å vere med og heie? Då kan du bli støttespelar. Gå inn på: ⁠⁠⁠⁠⁠⁠https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe ⁠
Sandy Haugland - om kva du bør vite før du skaffar deg ein hund som Australian Shepherd og Shetland Sheepdog
2026/09/14
Kva skal du tenkje på før du skaffar deg hund? Og kva er eigentleg forskjellen på ein søt hund og ein hund som passar inn i livet ditt? I denne episoden møter du Sandy Haugland, dama bak Kennel Kysthyrden på Stord.  Sandy har vore hundeinteressert sidan ungdomsåra, har utdanna seg til hundetrener og driv i dag med oppdrett av Australian Shepherd og Shetland Sheepdog. Vi snakkar om livet med hund, hundespråk, trening, oppdrett og etisk avl. Sandy deler også erfaringar frå eit stort personleg tap, og fortel kvifor det er så viktig å velje ein hund som passar til livet du faktisk lever. Dette er ein episode for deg som har hund, vurderer å skaffe deg valp – eller berre er litt over snittet glad i hundar.
Sveinung Nitter Jr. om bilpleie, trening og arbeidsmoral
2026/09/07
Korleis får du ein bil til å skinne?  I denne episoden møter du Sveinung Nitter Jr. – ein mann med mykje energi, mange jern i elden og eit brennande engasjement for det han driv med. Sveinung fortel om vegen frå arbeid på hurtigbåtkaien som 13-åring, via reisebyrå og bilutleige, til Nitters Bilspa på Stord. Vi får høyre om korleis keramisk coating blei ein «game changer» og kva du faktisk bør gjere for å ta vare på bilen din. Men praten handlar om mykje meir enn bilar. Sveinung deler òg om trening, ryggplager, morgonrutinar, arbeidsmoral, reiseliv og kvifor han meiner god kundeservice framleis har ein viktig plass i 2026. https://www.nitters-bilspa.no/  Sponsor: Good News Sunnhordland  Good News Sunnhordland er ein kristen ungdomsfestival på Stord, for ungdom og unge vaksne frå heile Sunnhordland. 18.-20. september går den av stabelen i Nye Hallen i Stord Idrettspark.  På laurdagskvelden blir det også The Send Experience – gratis og ope for alle generasjonar.  Les mer om programmet på https://goodnewssunnhordland.no
Tormod Myklebust - om hjelpesendingar til Ukraina, slektshistorie og og kvifor han ikkje var redd for å døy
2026/08/31
Tormod Myklebust frå Uskedalen har levd eit liv med arbeid, tru, familie, bedehus, bondegard og eit sterkt engasjement for menneske i Ukraina.  I denne praten får du høyre om oppveksten, livet som bonde, familien, Unge Røyster og den kristne trua som har følgt han gjennom livet.  Tormod fortel òg om den dramatiske hendinga før hjarteoperasjonen i 2015 – og kvifor han ikkje var redd for å døy.  I tillegg får du høyre om over 30 turar til Ukraina med hjelpesendingar, møtet med menneska der og kvifor landet har blitt så viktig for han.  Og ikkje minst historia bak boka Arven, ei forteljing om Synneva Knutsdotter, der Tormod har grave i historia til si eiga slekt.
Gamle hus, nytt liv – kvifor bygningsvern betyr meir enn du trur
2026/08/24
I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Kathrine Norum og Ragnhild Tveit, som begge brenn for gamle hus, bygningsvern og tradisjonshandverk. Me snakkar om kvifor det er viktig å ta vare på bygningane som allereie står, kva gamle hus kan fortelje om menneska som bygde og brukte dei – og kvifor kunnskapen om tradisjonelle byggjemetodar er så verdifull. Kathrine og Ragnhild fortel òg om arbeidet med Sunnhordland Bygningsvernsenter på Søre Tveita, eit prosjekt som skal bli ein møteplass for kurs, handverk, kunnskap og restaurering. Me tar opp alt frå linoljemaling og patina til gamle vindauge, sjøbruksbygningar, gjenbruk og spørsmålet: Må me verkeleg rive og byggje nytt? Tema vi kjem innom: Korleis restaurere eit gammalt hus?Korleis ta vare på gamle hus?Kva maling skal ein bruke på gamle hus?Linoljemaling på gamle husKorleis restaurere gamle vindauge?Er det betre å restaurere enn å rive?Kva er bygningsvern?Kva kan gamle hus fortelje oss?Korleis ta vare på kulturminne?Restaurering av gamle husBygningsvern i SunnhordlandTradisjonshandverk på Stord Sponsor: Særsten Byggrestaurering! Gamle hus er unike – robuste og miljøvennlege. Hos Særsten Byggrestaurering handlar det om meir enn å reparere gamle bygg. Det handlar om å ta vare på historia, kvaliteten og verdiane som ligg i dei. Med over 20 års erfaring og spesialkompetanse innan rehabilitering og restaurering, hjelper Særsten Byggrestaurering deg med å ta vare på det gamle – og føre arven vidare til nye generasjonar. Gjennom tett samarbeid med kundane blir det lagt vekt på gode løysingar, solid handverk og nøye utvalde materialar. For gamle hus fortener å bli tatt vare på. Særsten Byggrestaurering – tek vare på historiske verdiar. Les meir på byggrestaurering.no.
Håkon den gode er tilbake på Fitjar - med Sissel Jørgensen og Mona Alfsvåg
2026/08/17
28.-29. august blir Moahagen igjen gjort om til kongsgard når «Håkon den gode kongen» vender tilbake til Fitjar. I denne episoden møter du Sissel Jørgensen og Mona Alfsvåg, som tek oss med bak kulissane på den store utandørsframsyninga. Dei fortel om nervar, dugnadsinnsats, profesjonelle skodespelarar, barn på scena – og kvifor 2026-utgåva blir både meir livleg og vidareutvikla enn sist. Kvifor betyr historia om Håkon den gode framleis aktuell? Og kva skjer med ei bygd når unge og eldre går saman om å skapa noko stort? Ei samtale om lokalhistorie, teaterglede, fellesskap – og magien som oppstår når heile bygda løftar i lag. Kjøp din bilett her: https://ebillett.no/Fitjar  Sponsor: Fitjar Kraftlag Fitjar Kraftlag er ein lokal straum- og breibandsleverandør som er eigd av fitjarbuen sjølve, og av andre som er medlemer i kraftlaget. Fitjar Kraftlag bidreg òg til verdiskaping i lokalsamfunnet gjennom sponsormidlar til ulike lag, foreiningar og arrangement på Fitjar. Målet til Fitjar Kraftlag er å vera ein viktig bidragsytar i lokalsamfunnet og leggja til rette for vekst på Fitjar. Stor takk til Fitjar Kraftlag for at dei ville sponsa denne episoden!
Kjell Magnus Økland - Naust til folket
2026/08/10
Kjell Magnus Økland arbeider som prosjektleiar for Nytt liv i Naust og sjøhus hjå Forbundet Kysten. Han er litt over gjennomsnittet oppteken av båtar, roing og naust. Så oppteken at han har fått tilnamnet «naustfluensar». I denne episoden fortel han kvifor naust og sjøhus langs kysten står i fare for å forsvinna – og korleis dei kan få nytt liv som møteplassar for barn, unge, skular og lokalsamfunn. Han deler også historia om oselvaren, boka han brukte tolv år på å skriva, seglturar til Shetland og Karibia og draumen om eit fellesnaust midt i Leirvik. Kan tradisjonelle båtar bidra til betre folkehelse, meir bulyst og sterkare fellesskap? Og finst det pengar å søkja på dersom du eig eit naust som treng vøling? Ei engasjerande samtale om kystkultur, kulturvern og kvifor fleire bør få oppleva Sunnhordland frå sjøsida. Sponsor: Sagvågen Kystlag Sagvågen Kystlag er ein del av det landsomfattande Forbundet KYSTEN og har i over 30 år arbeidd for å ta vare på og formidla lokal kystkultur. Laget held til i eit historisk område knytt til Ottesen Skipsbyggeri, der det har vore drive skipsbygging av den same familien i meir enn 200 år. Her tek kystlaget vare på kunnskap, teknikkar, maskinar og historia om menneska som har arbeidd på verftet. I dag er laget særleg oppteke av å vøla og ta vare på mindre båtar med årar og motor – båttypar som har vore vanlege i distriktet vårt. Dei har også lagt stor vekt på formidling til barnehagar, skuleklassar, lag og organisasjonar. På Vervadagen, den 29. august, kan du oppleva noko av dette arbeidet på nært hald, få kjøpt mat og handla produkt frå lokale produsentar og kunstnarar. Program og meir informasjon kjem på Facebook - Søk opp Sagvågen Kystlag og følg dei på Facebook!  Stor takk til Sagvågen Kystlag for at dei støttar Sunnhordlandpodden!
Tobias Haldorsen - Frå Bømlo til Bern med eufonium
2026/08/03
I denne episoden møter du Tobias Haldorsen frå Bømlo – ein ung musikar som har teke eufoniumet med seg frå korpsmiljøet heime til studiar i Stavanger, Manchester og no ved eit av verdas mest prestisjefulle musikkmiljø i Bern. Tobias fortel om øving, disiplin, nerver, konkurransar, rare konsertopplevingar, støtte frå familie og lokalt næringsliv – og kvifor han vågar å satsa på eit instrument mange knapt veit kva er. Dette er ei episode om talent, hardt arbeid og draumen om å leva av musikken. Men også om å bli ven med eigne svakheiter, gjera feil, reisa seg igjen – og berre "gønne på".  Og ja: Du får sjølvsagt høyra korleis eit eufonium faktisk høyrest ut.  Sponsor: Finnås Kraftlag Finnås Kraftlag er eit allmennyttig samvirke, eigd av medlemene sine, med eit sterkt engasjement for utvikling og trivsel på Bømlo. Det merkar ein ikkje minst gjennom dei mange gåvene og støtteordningane dei deler ut til lag, organisasjonar og gode tiltak i lokalsamfunnet. Eit godt døme er Ungdomsstipendet, som blir tildelt unge under 26 år som har utmerkt seg på nasjonalt eller internasjonalt nivå innan idrett, kultur eller utdanning – og som er gode førebilete for andre på Bømlo. Faktisk er gjesten i dagens episode, Tobias Haldorsen, ein av dei som har fått dette stipendet. I tillegg til å levera straum og breiband gjennom Altibox er Finnås Kraftlag oppteke av å skapa verdiar som kjem heile lokalsamfunnet til gode. Stor takk til Finnås Kraftlag for at dei er med og støttar Sunnhordlandpodden!
Jonas Vatten: Ingen dommar – ingen kamp
2026/07/27
17 år gamle Jonas Vatten er ikkje redd for å blåsa i fløyta, dela ut kort eller ta avgjerder som vaksne spelarar er sterkt usamde i. I denne episoden fortel den unge stordabuen om livet som fotballdommar, om kjeft frå sidelinja, raske avgjerder, tøffe fysiske krav og draumen om ein dag å dømma på dei største arenaene. Jonas har allereie dømt nasjonale ungdomskampar, vore dommar under Norway Cup og leia seniorkampar med spelarar som er meir enn dobbelt så gamle som han sjølv. Samtidig står lokalfotballen i Sunnhordland overfor ei stor utfordring: Det er alvorleg mangel på dommarar. Kvifor vel ein 17-åring denne vegen – og kan dette vera noko for deg? Sponsor: Stord Fotball Stord Fotball er flaggskipet i Sunnhordland. Klubben har eit stort fokus på breiddeidretten og det viktige samfunnsarbeidet som ligg der, samstundes som dei er, og skal vera, den leiande klubben sportsleg sett for seniorlaga i regionen. Med både dame- og herrelag i 3. divisjon tilbyr Stord Fotball spelarar frå heile Sunnhordland ein utviklingsarena for dei som ønskjer å leggja meir i idretten og prøva å ta nye steg. Stord Fotball er stolte av å kunna seia at seniorlaga deira har spelarar frå stort sett alle klubbane i regionen. Klubben er også oppteken av å utvikla dommarar og trenarar. Dei er heilt overtydde om at gode miljø må til for å hjelpa og leggja til rette for dei som ønskjer å utvikla seg på desse arenaene. Som sentrumsklubben i regionen driv Stord Fotball også byutvikling gjennom anlegga sine, og dei drøymer om å utvikla Stord Stadion til noko heile regionen — og fleire idrettar — kan dra nytte av. I tillegg til eigne lag driv Stord Fotball ei rekkje spelarutviklingstilbod som er opne for alle klubbane i regionen. Dette gjer dei i samarbeid med Subshore, Sparebanken Norge og fleire andre gode lokale krefter i næringslivet. Gjennom målretta arbeid for å støtta opp om verdiane meistring, glede og samhald, skal Stord Fotball ro denne skuta ut i verda. Og då treng dei alle gode krefter med på laget, for dugnadsarbeidet står heilt sentralt for å lukkast. Stor takk til Stord Fotball for at dei ville sponsa denne episoden!

Podcast reviews

Read SunnhordlandPodden podcast reviews


0 out of 5
0 reviews

Podcast sponsorship advertising

Start advertising on SunnhordlandPodden relevant audience podcasts


What do you want to promote?