1500902515
Heilt Sjef!

Advertise on podcast: Heilt Sjef!

Categories
Country
Norway
This podcast has
17 episodes
Language
English
Explicit
No
Date created
2020/02/28
Latest episode
2023/04/05
Average duration
31 min.
Release period
67 days

Description

Velkommen til Heilt Sjef! Dette er podcasten til Suldal Vekst, der me snakkar med inspirerande bedriftsleiarar, gründerar og andre spennande personar i Ryfylke. Me får historiane til menneske som har etablert og bygd bedrifter og arbeidsplassar, me diskuterer bedrifts- og næringsutvikling og korleis me ilag skapar eit aktivt og attraktivt bygdeliv.

Unlock Heilt Sjef! podcast Email contact info,
Listeners & Audience details

Email contact information

Direct podcast contact details

Listeners

Audience numbers & engagement insights

Audience details

Podcast Insights

Podcast episodes

Check latest episodes from Heilt Sjef! podcast


Sparringspartneren om miljøleiing, bygdeliv og gründerskap
2023/04/05
Odd Åge og Elisabeth i Sparringspartneren byggjer stein på stein og er på full fart inn i framtida. Me snakkar om miljøleiing og miljøfyrtårn og eit næringsliv med fokus på forbetringsarbeid og det grøne skiftet. Om kva som skal til for å byggje gode lag i ei nystarta bedrift og om at du ikkje treng å dra til storbyen for å få spennande jobbar og ansvar.
Du grøne glitrande….
2022/12/17
Ryfylke har mange juletreprodusentar, og me tatt praten med ein av dei: Lena Nergård frå Myhre Juletregard og Norsk Juletreservice. Ho og ektemann, Jan Magne Myhre, tenkjer meir eller mindre på jul heile året. Til slutt er juletrea å finne i heimar over heile landet, i Danmark, Tyskland, England og Nederland. Korleis er det å vere juletreprodusent der handelen skjer i løpet av nokre få veker kvart år?
Kraftverkssjefen
2022/11/24
Me har møtt Bjørn Sandvik, kraftverkssjef for Noregs og Nord-Europas største vasskraftanlegg, Ulla Førre. Bjørn deler frå reisa si frå Erfjord, ut i verda og tilbake til heimbygda, me får eit innblikk i drifta ved kraftverket i Suldal og det blir også tid til å ta opp nokre av dei større kraftspørsmåla som ein står ovanfor i dag.
Eventyret i galleriet på Hagalid er over, men Hanne og hennar bedrift, Ryfylke Glød, har meir å by på!
2022/10/13
Ei driftig dame på plass i studio! Hanne Sundbø frå Ryfylke Glød er vår gjest, og har gått uredd inn i livet som bonde, som gründer og bedriftseigar, som offentleg planleggjar, som bedrifts- og etablerarrådgivar, og også som den aller første reiselivsdirektøren i Ryfylke.
Me finne nok ei løysing
2022/04/14
Dette er kundeløftet til ei over 60 år ung familieverksemd i Suldal. Me har møtt dagleg leiar hjå Ola Fisketjøn As, Dag Fisketjøn.
Gründerane som har sett seg som mål å løyse den digitale floken for tante Bodil (72)
2022/03/11
Me møter gründerane i Kakadu, Ingvild Erøy Prestårshus og Hege Fiskå. Du får innsikt i kvinneleg gründerskap, og om kvardagen i ei oppstartsbedrift. Kva skal til for å henge med i dei digitale svingane og tips og triks for å lukkast med eigen forretningside.
Tor Øyvind Skeiseid på adventsbesøk
2021/12/15
I denne episoden møter me Ryfylkepatrioten og den engasjerte lagspelaren, Tor Øyvind Skeiseid frå Ryfylke Livsgnist.
Den beste røykelaksen kjem frå Ryfylke!
2021/11/26
Astrid og Mikal Viga i Mikals Laks AS har i over 20 år produsert røykelaks på Skiftun i Hjelmeland. Kvalitetsprodukta deira har i årevis blitt kåra til Noregs beste! Mikal og dotter Maren deler suksessoppskrifta med oss og snakkar om tradisjonar, unike råvarer og oppskrifter, godt handverk, kunnskap, kjærleik og ein ganske stor dose galskap.
Erik og Amelie Aldner
2021/08/04
Møt Erik og Amelie Aldner som har tatt med seg jobbane sine og flytta frå storbyen til bygda. Den eine halvdelen er ein prisvinnande mezzosopran med suksess på operascenen – den andre er ein dyktig saksofonist, dirigent, komponist, gründer og forretningsutviklar for eit nyskapande møbelkonsept.
Kraft i samarbeid - Møt Suldalsalliansen
2021/07/01
Reiselivsaktørane Ryfylke Fjordhotel og Basecamp, Mo Laksegard og Energihotellet spissar samarbeidet sitt innanfor aktivitetsutvikling. Med full fokus på samarbeid og berekraft styrkar dei no aktivitetsmenyen for gjester og fastbuande. 
Om bondeopprør, suldalslaksen og livet som turistvertar.
2021/06/03
Me har hatt ein prat med Britt Kristin og Vidar Jørgensen Nærheim. Dei presenterer seg sjølv som ein familiegard i Suldal med laksefiske, utleigehytter, vedproduksjon, sauehald og generelt mangesyslerier.
Møt dei unge grunderane i Snotrava as
2021/03/30
Brødrene Steffen og Kristoffer Øigjord er frå Jelsa, og har etablert produksjonsselskapet Snotrava. Dei er aktuelle som regissørar av ein musikkvideo med den norske artisten Ida Tolou. Låta er produsert av Wyclef Jean og videoen er lansert for den amerikanske marknaden.

Podcast reviews

Read Heilt Sjef! podcast reviews


0 out of 5
0 reviews

Podcast sponsorship advertising

Start advertising on Heilt Sjef! relevant audience podcasts


What do you want to promote?