1503940712
NETT NO - Podium

Advertise on podcast: NETT NO - Podium

Categories
Country
Norway
This podcast has
31 episodes
Language
English
Explicit
No
Date created
2020/03/21
Latest episode
2025/04/30
Average duration
33 min.
Release period
78 days

Description

Podium er NETT NO sin podkast om og for næringslivet på Sunnmøre og Nordfjord. Kvar episode vil ha to nye gjesta frå det regionale næringslivet som diskuterar aktuelle tema, leia av Olav Sindre Kriken, med-gründer av mediehuset NETT NO.  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Unlock NETT NO - Podium podcast Email contact info,
Listeners & Audience details

Email contact information

Direct podcast contact details

Listeners

Audience numbers & engagement insights

Audience details

Podcast Insights

Podcast episodes

Check latest episodes from NETT NO - Podium podcast


Politisk thriller for næringslivet
2025/04/30
Må næringslivet på Sunnmøre leve med skatt på arbeidande kapital? Ikkje om det vert regjeringsskifte, er det klåre løftet frå Høgretoppane Tina Bru og Peter Frølich. I Podium snakkar dei om korleis den globale uroa har påverka dei politiske utsiktane i Noreg før Stortingsvalet, kva som vil verte annerleis ved eit regjeringsskifte, og kvifor vi skal tru at dei borgerlege partia skal klare å finne fram til semje i viktige saker for næringslivet. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Den store usikkerheten – lander sunnmørsk næringsliv på beina?
2025/04/24
Kva skjer med sunnmørsk næringsliv i ei tid der den globale tryggleiken vert utfordra både frå aust og vest, og der børsane skjelv av skremmande tollmurar? Det var temaet på eit frokostseminar i Ålesund denne veka. Vi fortsatte samtalen med nokre av deltakarane i podkast-studio etterpå. Høyr kva viseadmira Louise Dedichen, First House sin politiske ekspert Ole Berget og dei lokale næringslivsleiarane Jan-Rune Dasøren i Metizoft og Torstein Heggstad i Maritime Partner tenkjer om situasjonen og tida fram mot Stortingsvalet i september. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Ikkje sjokk, men mykje bekymring
2024/10/07
Årets forslag til statsbudsjettet ga ikkje noko sjokk for næringslivet på Nordvestlandet. Men mange trekk gjev alvorleg grunn til bekymring, og fekk temperaturen opp hos ekspertane i studio. Høyr kva Kristin Clemet frå tankesmia Civita, styreleiar Gunnar Haagensen i Sjømat Norge og First House-partnar Jon Georg Dale har å seie i denne episoden av Podium. Podkasten er produsert av Gjenklang Studio. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Går det egentlig betre med næringslivet på Sunnmøre?
2024/05/23
Det går betre med næringslivet på Sunnmøre enn andre stader i landet. Det var hypotesa som vart undersøkt på eit næringslivsseminar i Ålesund nyleg. I Podium fortsatte vi diskusjonen med nokre av deltakarane på seminaret. Høyr kva regionbanksjef Jan Rune Hurlen i Sparebank 1 SMN, regiondirektør Lene Trude Solheim i NHO Møre og Romsdal og administrerande direktør Heidi Nakken i Næringsforeningen Ålesundregionen meiner om eigarskap, kunstig intelligens, kapitaltilgang og sunnmørsk kreativitet. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Korleis kan reiselivet skape enda større verdiar?
2024/04/26
Natur og arkitektur dreg turistar til Nordvestlandet. Korleis kan vi få dei til å bli lenger når dei kjem, og korleis kan reiselivet i regionen bli betre - slik at Sunnmøre vært enda meir attraktivt? Vi inviterte reiselivsaktørane Kjetil Aarseth i Atlanterhavsparken og hotelldirektør Camilla Espeseth på Hotel Brosundet til å snakke om dette og mykje anna. Og lurer du på om det ligg an til ny rekordsommar, får du vite det i denne episoden av Podium. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Store fiskeriverdiar i spel
2024/04/05
Kor mykje fisk skal vi hente opp av havet, og kven skal gjere det? No er regjeringa si kvotemelding til handsaming i Stortinget. Store verdiar er i spel, og endringar kan råke næringslivet på Nordvestlandet. Vi inviterte Janne-Grethe Strand Aasnæs frå Havstrand AS og Sveinung Flem frå Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag til studio. Bilde dei teiknar, er ikkje lysteleg. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Slik skal GATH forsterke aquabransjens posisjon.
2023/10/06
GATH er den sunnmørske tech hub’en som skal skape innovasjon i aquakultur og som skal gjere regionen attraktiv for kundar frå heile verda. Men korleis skal det skje? Vi inviterte dagleg leiar Bente Lund Jacobsen og styremedlem Harald Nesvik i Podium-studio på leiting etter svar. Produsent Gjenklangsttudio.no Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Hva skal til for å lukkast som gründer?
2023/06/23
Nokre gründerar lukkast med å omsette gode idéar til kommersiell suksess. Men vegen dit er tung og krevjande, og ikkje alle lukkast. Kva er oppskrifta for å treffe blink som gründer? Og korleis påverkar global og lokal uro kvardagen i oppstartsverksemder? Høyr kva som skjedde da vi inviterte Stian Bang (Avento og Parkly) og Kari-Elin Kornes Hildre (Inseanergy) til studio. Produsert av Gjenklangstudio.no Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Jakta på kompetansen - kva kan gjerast for å sikre næringslivet i nordvest folka dei treng?
2023/06/01
Næringslivet treng ikkje berre folk med mastergrad og teoretisk kunnskap. Vi treng også dei flinke fagfolka og handverkarane. Kva kan gjerast for å sikre næringslivet i nordvest folka dei treng? Vi inviterte Ole Andreas Holm i Marint Kompetansesenter og ekspert på HR og leiing, Lene Flem Debess, i studio for å snakke om lærlingar, rekruttering og framtidas kompetansebehov. Programleiarar er Ingvild Vartdal og Hans-Christan Vadseth. Produsert av Jan Ivar Wolstad for Gjenklangoslo.no Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Gapet mellom politikk og sunnmørsk næringsliv - kva kan gjerast?
2023/05/11
Kva er det politikarane ikke skjøner om sunnmørsk næringsliv, og kva må næringslivet forstå om politikk? Høyr kva First House-partner Tor Mikke Wara og styreleder Anne Breiby i Tafjord Kraft tenkjer må til. I denne utgåva av Podium spør vi også ekspertane Ivan Alver og Jan Petter Hagen korleis krig og uro har endra investornarknaden. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Uro – krise eller moglegheiter?
2023/01/26
«Uro» var tema for NHO sin årskonferanse i Ålesund – med krig, prisgalopp og skatteskjerpingar som ein del av bakteppet. Må næringslivet på Nordvestlandet bu seg på at usikkerheit er den nye kvardagen? Og kan uro vendast til noko positivt? Vi inviterte NHO-sjef Ole Erik Almlid og styrenestleiar Inger-Marie Sperre i Sjømat Norge til Podium-studioet. Programleiarar er Ingvild Vartdal og Hans-Christan Vadseth.  Produsert av Jan Ivar Wolstad for Gjenklangoslo.no Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Kven skal bygge distrikta om kapitalen vert pressa ut av landet?
2022/12/09
Dei har begge vore med å utvikle familieverksemder til nye høgder. Samstundes har kapitalen dei representerer kome sunnmørske lokalsamfunnn til gode. Men kva skjer no, når mørke skyer trugar i horisonten? Høyr Gunvor Ulstein og Knut Flakk snakke om dette og mykje anna i denne episoden av Podium. Programleiar Hans-Christian Vadseth og med-programleiar Ingvild Vartdal. Produsert av Gjenklangoslo.no Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Kva skjer med Sunnmørsk næringsliv no?
2022/11/13
Media melder om permitteringar, oppseiingar og kansellerte kontrakter langs heile kysten. Kor tøft vert det komande året for næringslivet på Sunnmøre? Og kva vil varsla lakseskatt, auka arbeidsgivaravgift og auke i formue- og utbytteskatt ha å seie? Dette var tema då vi inviterte Gunn-Marit Nerem, VP Sales i Cflow, og administrerande direktør Olav Haug Vikebakk i Hareid Group til Podium-studioet. Programleiarar er Ingvild Vartdal og Hans-Christian Vadseth. Produsert av Gjenklang.  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Djup uro for skattetungt budsjett
2022/10/06
Aldri før har skatter og avgifter auka så mykje frå eitt statsbudsjett til eit anna som i årets forslag. Vi samla representantar for sunnmørsk næringsliv, skatteekspertar og politisk spisskompetanse i Podium-studioet for å diskutere budsjettforslaget. Det er riktig å seie at jubelen ikkje stod i taket. Med oss i studio har vi Ole Berget, Ingvild Vartdal, Tore Tønseth, Erik Espeset, Marielle Furnes Mannseth og Ingrid Aasaaren. Programleiar Hans-Christian Vadseth. Produsert av Gjenklangoslo.no. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Kven skal eige Sunnmørsbedriftene?
2022/05/12
Det skjer mange generasjons- og eigarskifte i sunnmørsk næringsliv. Oppkjøpsfond og konsern bankar på og vil inn, men og lokal kapital står klar. I Podium spør vi: Kva skjer med det sunnmørske eigarskapet? Til å svare på dette har vi fått med oss Peder Stette, Anja Solevågseide, Ingvild Vartdal og Ogne Øyehaug. Programleiar Hans-Christian Vadseth.  Produsent Jan Ivar Wolstad. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Podcast reviews

Read NETT NO - Podium podcast reviews


0 out of 5
0 reviews

Podcast sponsorship advertising

Start advertising on NETT NO - Podium relevant audience podcasts


What do you want to promote?