1538163255
Audeland

Advertise on podcast: Audeland

Rating
★★★★★
5
from
1 reviews
Categories
Country
Norway
This podcast has
67 episodes
Language
English
Explicit
No
Date created
2020/10/30
Latest episode
2025/06/11
Average duration
47 min.
Release period
58 days

Description

Eit gamalt ektepar.

Unlock Audeland podcast Email contact info,
Listeners & Audience details

Email contact information

Direct podcast contact details

Listeners

Audience numbers & engagement insights

Audience details

Podcast Insights

Podcast episodes

Check latest episodes from Audeland podcast


#67 - Det er litt flautt å vera inderleg
2025/06/11
Hei! Mariell og Jostein kjem med ei livsoppdatering, Mariell fortel om den nye kunstboki si, og Jostein prøver å finne ut kvifor han frika ut etter at me diskuterte politikk i går kveld! For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016).
#66 – Eg visste ikkje at du tenkte så mykje!
2025/02/09
Hei, hei! Mariell får heile historia om korleis det gjekk til då Jostein gjorde sitt hittil _fyrste_ smykkekjøp (til henne, altså) i vårt 20 år lange samliv. Dessutan, visste de at Jostein har ein tendens til å overtenkje ting? Du høyrde det her fyrst! For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016).
#65 - Ein guttural lyd av sinne
2025/01/08
Godt nyttår! Jostein si mentale helse er no komen dit at det er på tide å podcaste litt att. Me snakkar om januar-bluesen hjå frilansarane, Italia-turen vår og somehow mannleg sinne. For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016). Musikkutdrag spela på piano i starten er frå «Lo, the Full Final Sacrifice» av Gerald Finzi.
#64 - Er det ein fugl eller ei flaggermus? DET ER EI FLAGGERMUS!
2024/07/30
Me er attende, det er sommar og faunaen lét seg freiste til å bli med på podkastinnspeling med Mariell og Jostein. Jostein meiner at Rapunzel – i fyrste del av Disney-filmen – lever eit meir eller mindre ideelt liv, og Mariell tek til å reflektere på korleis forventingane våre i 2016 til det å flytte heim matcha den realiteten me enda opp med å leva gjennom. For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016).
#63 - iPod sad face :-(
2024/04/25
Me veit kor ofte menn tenkjer på Romarriket, men kor ofte tenkjer [gruppe xyz] på menneskeætti si rolle i universet? Og kva er det som ligg bak alt saman? I couldn’t help but wonder: Can you get to a future if your past is present? For ekstra-innhald, inkludert denne vekas episode av Øydelagt, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016).
#62 - Ikkje ta kontakt
2024/01/29
Om kvifor Mariell har reaksjonstid på 2–16 veker for tidi; om eit oppussingsprosjekt som er i gang, om ganglaget er noko traust og saktmodig; om bransjar med berekraftig økonomi og inspirasjon, og det eventuelle tilhøvet mellom desse. Som Mariell sa, ved slutten av innspelingi: «Jostein – kva var dette, eigentleg?» Høyr sjølv!
#61 - Godt nyttår!
2024/01/01
Godt nyttår! Me har mykje å snakke om – og lillebror er samd, reporting live frå fanget til Mariell. Har Mariell slutta heilt å feire ting? Og korleis er livet for den nye vaksenminoriteten i familien? Kan det verkeleg stemme at Jostein no er #trebarnsfar? For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016).
#60 - Forundringspakke
2023/11/14
Kva ville du betalt for ein koffert full av Mariell og Jostein sine ting frå London, som ingen anar kva inneheld og ikkje har vore opna sidan 2016? Dette, og fleire essensielle spørsmål, blir utforska i denne vekas avsnitt av Audeland, som òg kjem med siste nytt om flyttinga på tunet og ungane si nyvunne interesse for bossa-metal. For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016).
#59 - Polly Glot
2023/10/17
Kven er så denne Polly? Dette, og fleire pikante detaljar, som til dømes kva tjue år gamle Mariell og Jostein sin favorittaktivitet på franske hotellrom var, må du høyre på denne vekas Audeland for å finne ut! For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016).
#58 - Ekstremt retweetable
2023/10/01
Hei! Mariell og Jostein sjekkar inn frå bakeriet, og i dag har me bestemt oss for å prøve å snakke om krig og fred og norsk politikk og sånt. Ja, du las rett! Fort, gale og vonleg lenge til neste gong. Men me gjorde det! Me kjem òg innom kva bøker me nyt for tidi, både nye, gamle, papir og lydbok. For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016).
#57 – Be the Alfhild in the room
2023/09/05
Hei folkens! Mariell og Jostein diskuterer sommaren, og Jostein klarer som vanleg ikkje å gjera det på ein normal måte, utan at det på eitt eller anna vis handlar om menneskeheitis framhaldne eksistens i verdi. Korleis orkar nokon å vera gift, og til og med avle, med dette mennesket? Ingen veit! For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016).
#56 - Teikneserieversjonen
2023/06/07
Mariell og Jostein er attende for å sparke inn vidopne låvedører, slik berre me kan. Visste de at bedrifter har som mål å overleva? Eller at ein gard inneheld mange ulike typar liv? Eller at ti år gamle betrevitarar er irriterande? Du høyrde det her fyrst! For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016).
#55 – Éinstjerners review
2023/05/05
Våren spissar seg til, og di travlare me blir, di meir høgtflygande blir Jostein sitt tankespinn. Finn han fram til jordi nokon gong? Kva er eigentleg Mariell sin beef med Kulturrådet? Lytt til den nye episoden og finn ut! For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil! Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016).
#54 - Jostein, dette finn ikkje eg meg i!
2023/04/08
Hei! Me leverer ein sjeldan eittema-podcast i dag, når Jostein kjenner behovet for å tala ut om nokre nye kjensler han har fått for... roboten sin. Nei, dette er ikkje plottet til filmen «Her», det er det verkelege livet i 2023. Eller iallfall ein slags auto-generert variant av det verkelege livet. Me er ikkje sikre. Men me har kjensler kring emnet. Begge to. Okei, no er det nok! STOP GENERATING! For ekstra-innhald, fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil. Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016).
#53 - Kviledagen
2023/03/26
Hei, og velkomne til sjølvmotseiinganes land, der me feirar kviledagen ved å spela inn ein heil podcast om kviledagen og kvifor me må ta vare på kviledagen og ikkje til dømes spela inn podcastar på han! Mariell fortel om ei bok ho les, noko som igjen reiser det gamle spørsmålet: Har Jostein kapasitet til glede? Lytt, så får du høyre! For ekstra-innhald – inkludert ny ekstra-podd denne veka! – fylg Mariell på patreon.com/hjartesmil. Audeland er ein podcast av Mariell Øyre og Jostein Avdem Fretland. Opptak og klypp: Jostein Avdem Fretland. Intromusikk: «vákr» av fivrel (the drawing board, 2016). Gjestespel av Christine Schwarz og Fredrik Høstaker, i rollene som høvesvis Chrostein og Fariell.

Podcast reviews

Read Audeland podcast reviews


5 out of 5
1 reviews

Podcast sponsorship advertising

Start advertising on Audeland relevant audience podcasts


What do you want to promote?