
Advertise on podcast: Skrivesnakk
This podcast has
51 episodes
Language
EnglishPublisher
Sunniva Relling BergExplicit
No
Date created
2021/08/13
Latest episode
2025/03/19
Average duration
41 min.
Release period
53 days
Description
Alt muleg skriverelatert. I podkasten Skrivesnakk har eg intervjua over femti dyktige og aktuelle forfattarar som snakkar om si eiga skriving. skrivesnakk.substack.com
Unlock Skrivesnakk podcast Email contact info,
Listeners & Audience details
Email contact information
Direct podcast contact details

Listeners
Audience numbers & engagement insights

Audience details
Podcast Insights

Social media
Check Skrivesnakk social media presence
Podcast episodes
Check latest episodes from Skrivesnakk podcast
50. Ungdom og lesing: Dette gir ungdom leselyst
2025/03/19
Kva får tenåringsgutar til å bli engasjert i ein roman om ei tenestejente på 1700-talet? Kva har fått Maria, som går på vidaregåande, til å lese meir enn nokon gong? I denne episoden får du òg svar på kva som er den største bekymringa til Ellen, som har vore norsklærar i over ti år.
Dette er ein litt annleis episode av Skrivesnakk, og er laga i samarbeid med Norsk Forfattersentrum i høve det nasjonale prosjektet #postkodeNorge der Forfattersentrum arrangerte skrivekurs for ungdom rundt omkring i landet. I forlenginga av det var det ønskeleg å lage ein podkast med fokus på ungdom og lesing.
I episoden får du høyre Alexander Aran Charoensang Otlo og Theo Lorgen Martinsen som går i tiande klasse på Skarbøvik ungdomsskule. Charlotte Riise er norsklæraren deira, og blir òg intervjua. Skarbøvik ungdomsskule har modellert lesesatsinga LeseSnes etter Stangeland ungdomsskole på Karmøy.
Vetle Koppernes er elev på barne- og ungdomsarbeiderfag ved Ålesund videregående skole.
Ellen Sofie Marstrander er norsklæraren til Vetle, og jobbar på Ålesund videregående skole.
Maria Hole Ødegaard og Andrea Ramsvik Bjørdal går vg2 studiespesialiserande ved Ålesund videregående skole.
Malin Finsæther Skarbø er bibliotekleiar ved Ålesund videregående skole.
Kort om norsk forfattersentrum:
Norsk Forfattersentrum vart etablert i 1968 for å skape kontakt mellom forfattarar og publikum og å sikre forfattarane honorar for oppdraga. Organisasjonen yter service til forfattarar, oppdragsgivarar og publikum i heile landet. Les meir på heimesidene til Forfattersentrum: https://www.forfattersentrum.no/
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: [email protected]
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak
Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes
This is a public episode. If you would like to discuss this with other subscribers or get access to bonus episodes, visit skrivesnakk.substack.com
49. Monica Goksøyr: Kasta inn i kulturlivet
2024/10/31
Monica Goksøyr er utdanna jurist og lenge levde ho eit liv heilt utanfor kunst- og litteraturlivet. Men dette endra seg ein dag då ho tok ein pause frå lesesalen og gjekk for å kjøpe kaffi på kaffibaren Fuglen.
Høyr henne fortelje om korleis det har vore å debutere med novellesamlinga Slemme jenter og gjere suksess. Debuten fekk gode kritikkar og ho fekk Tarjei Vesaas debutantpris og LOs litteraturpris. Mykje meir enn Monica hadde turt å håpe på.
Heilt sidan ho var lita har ho likt å skrive, men det å vere forfattar og ein del av det litterære feltet, synst ho framleis kjenst uvant.
I samtalen snakkar vi òg om kafkaesk byråkrati, det estetiske med vasking og korleis etnisitet ofte blir eit tema, både i skrivinga og livet hennar.
Bøker av Monica:
Slemme jenter (2023)
Podkasten er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: [email protected]
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak
Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes
This is a public episode. If you would like to discuss this with other subscribers or get access to bonus episodes, visit skrivesnakk.substack.com
48. DnF-leiar Bjørn Vatne: Det beste våpenet mot skrollesjuka
2024/10/17
På Instagram lar Bjørn Vatne sin Dark Side slippe til. Men det er meir enn videoane på Instagram, som gjer Vatne til ein uortodoks leiar av Den norske Forfatterforening. Dette er ein organisasjon det ofte stormar rundt.
Bjørn Vatne er ein renommert forfattar, men denne episoden handlar om arbeidet som DnF-leiar og kåra for å vere forfattar i dag, kva for viktig gruppe som manglar i leselyststrategien, kvifor normalkontrakta får folk i utlandet til å gispe – og kva forfattar Simon Stranger har med skjult kamera å gjere.
Bøkene til Bjørn Vatne:
Slik skal vi velge våre ofre, roman, Gyldendal (2015)Nullingen av Paul Abel, roman, Gyldendal (2018)Død og oppstandelse, roman, Gyldendal (2020)Underliv, roman, Gyldendal (2022)Denne episoden er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune.
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: [email protected]
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak
Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes
This is a public episode. If you would like to discuss this with other subscribers or get access to bonus episodes, visit skrivesnakk.substack.com
47. Ann Helen Kolås Ingebrigtsen: No skriv ho bok, om det ho i alle år har halde skjult
2024/10/03
Lenge gjorde Ann Helen Kolås Ingebrigtsen alt ho kunne for å skjule plagene sine. Men så måtte ho amputere foten. Like etter operasjonen, byrja ho å skrive på ei ny ungdomsbok. Det har vore den lettaste ho har skrive.
Tidlegare har Ann Helen skrive ungdomsbøkene «Sinne» om Synne med ADHD og «Eg blir her» om kjærleik, ferjereiser og fråflytting. Bøkene har fått særs god mottaking. Meldingane trekkjer fram at Ann Helen klarer å skildre både ungdomsliv generelt, og jenter med ADHD spesielt, nært og truverdig. Dette er eit tema ho gjerne ville skape meir openheit om.
I Klassekampen skreiv meldaren at: «eg er heilt sikker på at denne boka kan vere til vesentleg støtte for ungdomsskuleeleven som til liks med Synne må finna ut av eit sjølv for puberteten uvanleg galopperande kjensleliv».
Bibliografi:
2020: Sinne (ungdomsroman), Det Norske Samlaget2022: Eg blir her (ungdomsroman), Det Norske SamlagetPodkasten er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune.
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: [email protected]
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak
Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes
This is a public episode. If you would like to discuss this with other subscribers or get access to bonus episodes, visit skrivesnakk.substack.com
46. Eirin Andresen Betten: Du må ha det litt artig
2024/09/26
Eirin Andresen Betten skriv om aktuelle tema, og reflekterer rundt korleis teknologien set sitt preg på liva våre. Ho vil at litteraturen skal være engasjert, og gjerne politisk på ulike måtar.
Ho jobbar fullt som lektor, frilansar for Klassekampen, Vinduet og Bokvennen litterær avis (BLA), og skriv bøker i tillegg. Korleis får ho tid til alt, og kva driv ho til å halde fram med bokskriving sjølv om det er så dårleg betalt?
Denne hausten kjem hennar andre bok: «Det tredje minnet», som av forlaget blir skildra som ein «aktuell roman om det menneskelige i vår digitale tidsalder og hva som kan skje når en ny form for bevissthet trer inn i hjemmet ditt. [...] Med sin andre roman tar Eirin Betten tak i noen sentrale etiske problemer i forholdet mellom forbruker og teknologi – ikke minst setter hun søkelys på KI-teknologiens inntreden i våre liv.»
Bibliografi
Det tredje minnet, roman, 2024Tiden vil ha et annet bilde, 2021Podkasten er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune.
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: [email protected]
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak
Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes
This is a public episode. If you would like to discuss this with other subscribers or get access to bonus episodes, visit skrivesnakk.substack.com
45. Charlotte Riise: Å sette ord på ei umogleg erfaring
2024/09/19
Då Charlotte Riise kom med si første diktsamling, i 2012, laga NRK P3 dokumentar om henne. Tittelen var «Jeg burde sprudle over» og handla om det å debutere som forfattar, i spennet mellom lykkerusen ein forventar rundt debuten og det å leve med depresjon. Sjølv om ho var redd for å bli slakta, fekk ho strålande kritikkar, det gjorde òg diktsamlinga som kom året etter.
No har det gått ti år sidan hennar førre bok, og ho har nettopp sendt inn korrektur til ny bok. Korleis har desse ti åra vore? Kva ønskjer Charlotte Riise å oppnå med skrivinga si? Og korleis er det no å sjå tilbake på seg sjølv som 24-årig forfattardebutant? Det blir også snakk om det å gå frå å skrive songar på engelsk til dikt på nynorsk, litteraturmiljø i Ålesund vs Bergen og kva den viktigaste oppgåva til ein lærar er.
Bibliografi:
Eg treng tid til å sakna deg, lyrikk, Gyldendal (2012)Der vi gøymer løyndommar, lyrikk, Gyldendal (2014)
Podkasten er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune.
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: [email protected]
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak
Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes
This is a public episode. If you would like to discuss this with other subscribers or get access to bonus episodes, visit skrivesnakk.substack.com
44. Heidi Sævareid: Skriv om unntaksopplevingar
2024/06/19
Heidi Sævareid er ein kritikarrost og prisløna forfattar, som gjerne vil kjenne på kroppen, det ho skriv om.
I si nyaste bok utforskar ho eit destruktivt yogamiljø, gjennom tre vennar som er på roadtrip i USA. Ho starta karriera med ungdomsbøker, men er usikker på om ho vil skrive for ungdom igjen, fordi ho det er forstyrrande at ein heile tida må forsvare kvifor ein skriv ungdomsbøker.
Hennar første roman for vaksne, Longyearbyen, fekk svært gode kritikkar og har blitt omsett til mange språk.
Bøker av Heidi Sævareid:
Spranget – roman, Omnipax (2013)Slipp hold – ungdomsroman, Mangschou forlag (2015)Slagside – ungdomsroman, Gyldendal (2016)Bruddlinjer – ungdomsroman, Gyldendal (2017)Life in the U.K – roman, Flamme (2018)Longyearbyen – roman, Gyldendal (2020)XR UK – ungdomsroman, Flamme (2021)Positurene – roman, Flamme (2021)
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: [email protected]
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak
Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes
This is a public episode. If you would like to discuss this with other subscribers or get access to bonus episodes, visit skrivesnakk.substack.com
42. Hilde Myklebust og Martin Baldysz: Har sitt eige vesle skrivekollektiv
2024/05/07
Hilde Myklebust og Martin Baldysz er forfattarar, småbrukarar og sambuarar. Barna deira er sjette generasjon som bur på garden i Syltedalen. Den nyaste boka i familien kom i går. No står boka Fallgard i vindaugskarmen. Utanfor glaset er det fullt av lam på jordet.
Hilde Myklebust har skrive dikt, bildebøker og roman for ungdom og vaksne. Martin Baldysz har skrive romanar og under pseudonymet Karen Støylen står han bak 22 bøker i romanserien Brenninger.
Høyr meir om korleis froskeinteressa førte Hilde og Martin saman og mysteriet med Karen Støylen, i tillegg til innsikt både om skrivinga og gardslivet.
Bøkene til Hilde Myklebust:
Berre dagar seinare, lyrikk, Samlaget (2005)Søkk, lyrikk, Samlaget (2008)Jon og den lange julenatta, barnebok, Samlaget (2009)Glødepunkt, roman, Samlaget (2011)Du skal dele namn med ein sjeldan fugl, lyrikk, TUR forlag (2012)Bjørkebokstavar, barnebok, Samlaget (2015)Kvar ein fugl, lyrikk, Samlaget (2018)Ylva og villgeitene, barnebok, Samlaget (2020)Splintra, ungdomsbok, Samlaget (2022)Bøkene til Martin Baldysz
Vintertrang, roman, MARGbok (2013)Vardane, roman, Samlaget (2020)Fallgard, roman, Samlaget (2024)Under pseudonymet Karen Støylen har han skrive 22 bøker i serien Brenninger (2020-2023)
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: [email protected]
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak
Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes
This is a public episode. If you would like to discuss this with other subscribers or get access to bonus episodes, visit skrivesnakk.substack.com
43. Martin Baldysz: Romansjangeren gir fridom til å jobbe slik du vil
2024/05/07
I sin nyaste roman, Fallgard, skriv Martin Baldysz om Ingeborg som lengtar ut forbi fallgarden. Ho står på terskelen til vaksenlivet i eit lukka øysamfunn på starten av 60-talet. Trusselen om fråflytting lurar i bakgrunnen, og i Amerika har dei planar om å dra til månen.
I denne episoden, som er ei slags forlenging av episode 42, får du høyre meir om Martin sin nyaste roman, korleis det har vore å skrive 22 serieromanar under pseudonymet Karen Støylen og vegen til å bli forfattar.
Martin sine bøker:
Fallgard (2024)
Vardane (2022)
Vintertrang (2013)
Under pseudonymet Karen Støylen har han skrive 22 bøker i serien Brenninger (2020-2023)
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: [email protected]
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak
Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes
This is a public episode. If you would like to discuss this with other subscribers or get access to bonus episodes, visit skrivesnakk.substack.com
41. Endre Ruset: Skrivinga er ein måte å finne meining på
2024/04/22
Endre Ruset debuterte som forfattar allereie som 19-åring. Heile livet har han arbeidd med litteratur. Etter mange år i Oslo, flytta han heim til Molde. Sjølv om han hadde mange oppdrag, kjendest det personlege livet tomt.
Han var eit uroleg barn, og ingen trudde han skulle bli forfattar på barneskulen. Lenge var det sport som var det viktigaste, men så endra det seg. Høyr han fortelje om dikta som er det einaste heilage han har, om korleis Bjørnsonfestivalen har påverka han og opplevinga av Ålesund litteraturfestival.
Bøker av Endre Ruset:
Ribbeinas vingespenn (poesi, 2001)Kims lek (poesi, 2005)Noriaki (boksingel, 2014)Elsket og savnet (poesi, 2014)Noriaki (poesi, 2017)Deretter (med Harry Man, poesi 2021)Episoden er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune.
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: [email protected]
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak
Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes
This is a public episode. If you would like to discuss this with other subscribers or get access to bonus episodes, visit skrivesnakk.substack.com
40. Marianne Nelvik: Frå rotete tankar til vellykka Fantasy på eige forlag
2024/04/05
Marianne Nelvik kjøpte rettane til si eiga bok, og starta sitt eige forlag: Varg forlag. Ho har no gitt ut to Fantasybøker i det som skal bli ein trilogi, og snart kjem første boka ut på engelsk. Ho har nådd ut til mange engasjerte lesarar og andreboka Heltedøden blei kjøpt inn av Kulturrådet, noko som er eit viktig kvalitetsstempel for ei sjølvpublisert bok.
Kva gjorde at ho turte å kjøpe rettane til si eiga bok, kvifor er desse bøkene så viktige for Marianne – og kva har vore det mest krevjande i prosessen med å gi ut bok sjølv? Alt dette og meir får du svar på i denne episoden av Skrivesnakk.
Bøker av Marianne Nelvik:
Herskeren (2023)Heltedøden (2023)
(Dette er den lange versjonen av episoden, kortversjonen finn du på Skrivesnakk hos Sunnmørsposten.)
Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: [email protected]
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak
Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes
This is a public episode. If you would like to discuss this with other subscribers or get access to bonus episodes, visit skrivesnakk.substack.com
38. Marit Kaldhol: Luksus med ein ny blyant
2024/03/27
For Marit Kaldhol er skrivinga minst like viktig som å ete og gå tur. Då ho var ung, prata ho ikkje så mykje. Skrivinga blei ei sluse for å uttrykke seg. Ho har no vore forfattar i over 40 år. Bak seg har ho ein prislønna forfattarskap. Bøkene hennar er omsett til mange språk og ho er ein forfattar som ikkje er redd for å ta opp vanskelege og viktige tema.
Takk til Møre og Romsdal fylkeskommune for støtte!
Marit Kaldhol sine bøker:
1983: Lattermilde laken (diktsamling)1985: Maria (roman)1986: Farvel Rune (barnebok) – illustrert av Wenche Øyen1988: Vi kan dele (barnebok) – illustrert av Ingri Egeberg1991: Og låste med ein hengelås (barnebok) – illustrert av Dag Fyri1993: Alt skal sjå ut som fløyel (diktsamling)1993: Alle vi (novellesamling)1995: På vegen står ei jente med kniv (barnebok) – illustrert av Anne Knutsdatter Wille1997: I huda er gud ein munn : romanpoesi1997: Ordet er ei bru (aktivitetshefte for ungdomsskolen) – om Tarjei Vesaas1998: Frø (diktsamling)1999: Har du peiling på fisk? (ungdomsbok)2000: Likevel : dikt2001: Ein augneblink, kanskje to (ungdomsbok)2002: Stilk med to. Dikt for unge (diktsamling)2002: Den tause rosa går forbi (diktsamling)2004: Innbrotstjuven. Ni forteljinger om Peder2005: Den einaste kjolen (diktsamling)2005: Reisa til H. (barnebok) – illustrert av Justyna Nyka2006: Blondene gir seg ikkje (roman)2006: Kino (novellesamling/ungdomsbok)2007: Ho som tror (dikt for ungdom)2008: Stripekalven (barnebok) – illustrert av Justyna Nyka2010: søkeord: ayotzintli (roman for ungdom)2012: Darwins sporvar : roman2014: Det skulle vere sol, vi skulle reise til Lódz : roman (roman)2015: Zweet (ungdomsroman)2017: Z for sorry : roman (roman)2018: Mjølketannmuseet (barnebok)2021: Enno var dei kroppar (novellesamling)2022: På ei trapp i universet (dikt for barn) – illustrert av Susanna Kajermo
Drama
1999: Vesle Wolfgang (hørespill) – for Barnetimen for de minste, NRK2003: Fuglen flyg gjennom hjartet (drama for ungdom)2005: Engel, pengel (drama for mindre barn)
Noveller
2008: «Mann med koffert»Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: [email protected]
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak
Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes
This is a public episode. If you would like to discuss this with other subscribers or get access to bonus episodes, visit skrivesnakk.substack.com
39. Jon Ståle Ritland: Augelegen som skriv skarpsynt om livet
2024/03/27
Bøkene hans er oversatt til mange språk, og i disse dager utgis han i Brasil. Engasjementet hans for litteratur, har også bidratt til at Ålesund har fått sin egen litteraturfestival.
Bøkene til Jon Ståle Ritland:
Øst for verdens ende, lyrikk (Bonnier Norsk Forlag, 2023)Takk for maten, lyrikk (Tiden, 2021)Karbonforbindelser, lyrikk (Tiden, 2019)I bane rundt en gul ball, lyrikk (Olympiastadion, 2014)Vannmerker, lyrikk, Aschehoug (2009)Kroppsvisitasjoner, lyrikk, Aschehoug (2004)Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: [email protected]
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak
Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes
This is a public episode. If you would like to discuss this with other subscribers or get access to bonus episodes, visit skrivesnakk.substack.com
37. Ingelin Westeren: Rom til å tenkje
2023/04/18
Då Ingelin Westeren var i barselpermisjon frå jobben, fekk ho tid til å tenkje. Ho sa til folk at ho heldt på å skrive bok for å forplikte seg sjølv. Sjølve skrivinga var eit overskotsprosjekt, men redigeringsprosessen var verre. Det å faktisk gi ut bok, likte ho ikkje.
Bøker av Ingelin Westeren:
Musikk for folk i trøbbel (Samlaget, 2022)Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: [email protected]
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak
Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes
This is a public episode. If you would like to discuss this with other subscribers or get access to bonus episodes, visit skrivesnakk.substack.com
36. Louise Jacobs: Sliten av å vere synleg
2023/03/21
Louise Jacobs er performancekunstnar og utdanna innan billedkunst. I 2022 gav ho ut si første bok. Når ho lagar kunst, har ho ingen redaktør. Korleis opplevde ho å samarbeide med ein redaktør når ho skulle skrive si første bok? Kva utfordringar støtte ho på, og kva har ho likt best med å debutere som forfattar?
I episoden snakkar vi òg om skilnadane på kunstarøkonomi og forfattarøkonomi, og gleda ved å sleppe å vere så synleg.
Bøker av Louise Jacobs:
Via Florentin (2022)Ta gjerne kontakt!
Instagram: @sunnivarellingberg
E-post: [email protected]
Nettside: sunnivaberg.no
Musikk: Simon Relling Berg
Grafisk design: Vidar Flak
Abonner, gi stjernekast eller skriv ein omtale i iTunes
This is a public episode. If you would like to discuss this with other subscribers or get access to bonus episodes, visit skrivesnakk.substack.com
Podcast reviews
Read Skrivesnakk podcast reviews
Podcast sponsorship advertising
Start advertising on Skrivesnakk relevant audience podcasts
You may also like to advertise on these Podcasts

4.7231233
Conversations with Peter Boghossian
Peter Boghossian

4.8161147
Heal Yourself. Change Your Life™
Brandy Gillmore

4.862919
SISTERHOOD OF SWEAT - Motivation, Inspiration, Health, Wealth, Fitness, Authenticity, Confidence and Empowerment
Linda Mitchell

4.71031261
Finding the Throughline with Kate Hanley
Kate Hanley

4.569596
Age Better with Liz Earle
Liz Earle

4.8188363
L8night with Choccy
L8night with Choccy

4.7236100
Chris Fabry Live
Moody Radio

4.271500
94WIP Middays with Hugh Douglas and Joe Giglio
Audacy

593417
Play Bigger with Raquel Quinet
Raquel Quinet

3.7887786
Ghost Town: Strange History, True Crime, & the Paranormal
Ghost Town
