1635409693
Tru og meining i gammal tid

Advertise on podcast: Tru og meining i gammal tid

Rating
★★★★★
5
from
1 reviews
Categories
This podcast has
125 episodes
Publisher
Eldar Heide
Explicit
No
Date created
2022/07/19
Latest episode
2026/10/08
Average duration
96 min.
Release period
14 days

Description

Korleis skapte folk i Norden meining i livet og universet før kristendom, naturvitskap og psykologi? Kjernetema er norrøn religion, samisk religion og folketru, gjerne med eksistensiell vinkling, med sveip innom sånt som førmoderne pedagogikk, stadnamn og navigasjon. Vi held oss tett på kjelder og forsking. Eg, Eldar Heide, er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet og doktor i norrøn filologi. [email protected] Frå juli/august 2025 blir publisering torsdagar kl 06, med høve til å betala for tidleg tilgang, sundagar kl 18. I så fall: https://www.patreon.com/c/truogmeining

Podcast episodes

Check latest episodes from Tru og meining i gammal tid podcast


125. Religion og forteljing. Samtale med religionsvetar Catharina Raudvere
2026/10/08
Kan religion eksistere utan forteljing? Eller er religion bunden til forteljing? Korleis blir religion spreidd til nye sjeler? Kor mykje kan vi seia om ein religion på grunnlag av berre arkeologisk materiale? Kan ord vera handling? Kan ord ha makt? Har alle tilgang til alle sjangrar? Kva er forholdet mellom tekst og praksis? Korleis bør vi resonnere i møtet med religionshistoriske tekstar? Her kjem religionsvetar Catharina Raudvere med nokre tankar om dette basert på folkeleg religion i Norden og folkeleg Islam i Bosnia og Tyrkia. Innspela i København 16.6.2026.
124. Odysseen og gresk religion. Samtale med religionsvetar Christian Hervik Bull
2026/09/24
Kva vil gudane oss? Vil dei oss vel? Er vi kasteballar og brikker i hendene deira? Er gudane gode? Eller er dei strenge, vrange, lunefulle, urimelege? Er dei på parti med oss? Bør vi leva som dei? Kva slag moralske krav stiller gudane? – til oss, og til seg sjølve? Kva slag handlingsrom gjev gudane oss? Er alt avgjort av lagnaden? Det var mange spørsmål, og til slutt: Kva svar får vi på dette i tekstane til Homer? – Odysseen og Illiaden? Det skal vi drøfte her i dag.
123. Stevtradisjonen i Setesdal. Samtale med tradisjonsberar Sigrid Kjetilsdotter Jore
2026/09/10
Eit stev er ein einstrofa song som kommenterer noko. Det kan vera ein situasjon, ein person, noko som har skjedd. Det kan vera ros, visdom eller sjikane eller at du utleverer deg sjølv. I stevet kan du få sagt det som ikkje kan seiast elles. Sjangeren finst i heile landet, men står spesielt sterkt i Setesdal. Der har det ein viktig funksjon i både kvardag og fest i dag. Røtene til stevet finn vi i mellomalderen. Men kvifor har eit ord for refreng vorte namnet på denne sjangeren? Og kva har stev med stolpe å gjera? Innspela på Hylestad 13.08.2026.
122. Korleis kan vi forske på norrøne tekstar? Samtale med norrønfilolog Mikael Males
2026/08/27
Korleis kan vi forske på norrøne tekstar? Om det er det faktisk formulert slåande lite – bortsett frå når det gjeld tekstkritikken, som prøver å koma fram til den eldste versjonen av ein tekst som er overlevert i fleire handskrifter. Her skal ein poesiforskar fortelja om si vandring gjennom ulike metodesyn i faget norrøn filologi frå rundt 2000 til i dag. Eg skal supplere frå min kamp for å utvikle eit metodesyn. Innspela i Oslo 20.4.2026.
121. Tanke, terminologi og stadnamn i eit nordnorsk fiskarsamfunn. Samtale med filolog og folkeminnesamlar Finn Myrvang
2026/08/13
Gammal terminologi og stadnamn er lite utnytta kjelder til tankegang i gammal tid. Her skal vi presentere eit utval ord, uttrykk og stadnamn knytte til sjøen på Andøya, på grensa mellom Nordland og Troms – for å gje eit innblikk i den førmoderne fiskarkulturen der i området. Det blir om straum og vind, landformer langs kysten og nede på havbotnen, ispedd hermer og gode historier.  Dette er kulturstoff som er i ferd med å gå tapt.
120. Irsk mytologi. Samtale med keltolog Nicolai Egjar Engesland
2026/07/30
Irsk mytologi fortel om huldreland vest i havet, slag mellom gudar og demonar, gudinnetrioar, hamskifte, manipulasjon av tida, halshogging, kjelar som gjev nytt liv og evig middagsmat, og druidar som er deklasserte frå det Cæsar fortel om. Men alt er smelta saman med bibelhistorie og annan kristen litteratur, til pseudohistorie. Arkeologien hjelper oss, med ofringar i brunnar, elvar og vatn. Innspela i Bergen og Halden 22.6.2026.
119. Labyrintar gjennom 3000 år. Samtale med forfattar John Kraft
2026/07/16
I Norden har vi mange hundre steinlabyrintar av gåtefullt opphav. Dei fleste er frå mellomalderen, men dei har samband med labyrintar i Sør-Europa som er fleire tusen år gamle. Dei er vanleg utbreidde heilt til Sri Lanka, via India, Afghanistan og Kaukasus. På Sunnmøre er det to i 900 meters høgd, men elles i Norden ligg dei fleste ved havet. Her, og berre her, har bruk og  bygging av labyrintane pågått heilt inn i moderne tid. Mange har meint mykje om kor gamle labyrintane er og kva funksjon og meining dei har hatt. Noko endeleg svar når vi nok aldri, men her får du emnet presentert av ein som har jobba med det sidan midten av 1970-talet.
118. Knattleik – eit norrønt ballspel. Samtale med norrønfilolog Ugnius Vizgirda Mikucionis
2026/07/02
Det finst mange måtar å kaste bort livet på. Den eine er ballspel, og det hadde dei i Norden i mellomalderen, kalla knattleik. Kva slags spel var det? Kva var reglane? Kva slags bane, ball eller anna utstyr vart brukt? Vart det spela både sommar og vinter? Kva rolle hadde spelet i samfunnet? Kor mykje tid vart kasta bort? Og ikkje minst: Kor mange døydde?
117. Heiden og kristen etikk i den islandske fristaten. Samtale med norrønfilolog Jon Gunnar Jørgensen
2026/06/18
Korleis prøvde ein å førebygge og løyse konfliktar i vikingtida på Island? Det gjaldt eit sett av normer om personleg ære ogfamilieære, alliansar, lojalitet og krav om styrke og handlekraft. Det var ting, lov og rettssaker. Dette kunne fungere, og det kunne føre til tragedie. Med kristendomen kom ein æreskodeks med eit nytt etisk innhald. Her skal vi skissere det gamle systemet og brytinga mellom det gamle og det nye.
116. Thunder gods around the Baltic. A conversation with ethnolinguist Giuliano Gajetti
2026/06/04
In Northern Europe, traditions about Þórr, Ukko, Perkūnas, and other thunder gods lasted into modern times. The thunder god survived the shift to Christianity better than the other old gods. Why is that? What made the thunder god special? And which parts of these traditions survived? In today’s episode, we look at these questions in cultures around the Baltic Sea.
115. Gullgubbar – små og gåtefulle. Samtale med arkeolog Laurine Albris
2026/05/21
Gullgubbar er bittesmå flak av gull, med stempla bilete av personar og ofte gjenstandar. Dei er frå 5-, 6- og 700-talet, og vi har funne bortimot 4000 av dei, frå store delar av Skandinavia. Gullgubbane er blant dei mest gåtefulle funntypane i nordisk arkeologi. Kva viser motiva? Er det gudar eller menneske, kanskje juridiske avtalar? Kvifor finn vi dei ofte i samanheng med stolpehol? Kvifor er dei aller fleste funne på éin stad på Bornholm? Kva funksjon hadde gullgubbane? Kva var vitsen? I denne episoden blir det fleire spørsmål enn svar.   Innspela i Bergen og Lejre 23.4.2026.
114. Gammalegyptisk religion. Samtale med religionsvetar Pål Steiner
2026/05/07
Gammalegyptisk religion er blant dei eldste vi kjenner. Vi kan følgje han frå nesten 3000 før Kristus til rundt 500 etter. På den tida skjer det store endringar, og ein periode er det faktisk monoteisme. Sola er den viktigaste guden. Dette var før nokon hadde tenkt på coolcation. Men den livgjevande flaumen i Nilen var òg ein viktig guddom, og før verda var det eit urhav, som pyramidane stakk opp av. Sykliske vekslingar stod sentralt, mellom flaum og tørke, dag og natt, liv og død. Målet med døden var å bli ein del av den vekslinga. Innspela i Bergen 23.04.2026
113. Ord og tanke i det førmoderne jordbruket. Samtale med agronom Arne Vassenden
2026/04/23
Som menneske er vi avhengige av å formidle til folk rundt oss kva vi driv med, kva vi har tenkt å gjera og korleis vi har tenkt det. Slik er det i moderne psykologi og IT, som har sin spesialiserte terminologi, og slik er det i tradisjonelt gardsarbeid. Det meste av terminologien der er ukjend for dei fleste i dag. Men ser vi nærare på han, så får vi gløtt inn i tankeverda til folk for lenge sidan. Terminologien er tankegang avleira gjennom hundrevis av generasjonar. Her skal vi sjå på dette i samanheng med tradisjonelt jordbruk særleg på Vestlandet.     Andre stikkord: Nordhordland, Havråtunet, Osterøy, slåttelandskap, fôrsanking, lauving, never, bork, fisk, moldfôr, tang, lynghei, etymologi, stadnamn.
112. Namngjeving hos inntrengarar. Samtale med namnegranskar Peder Gammeltoft
2026/04/02
Kva gjer folk for å få namn på stadene når dei kjem til eit nytt land? Gjev dei nye namn? Har dei med namn heimanfrå? Låner dei namn frå folk som bur der frå før? Kva skjer i så fall med desse innlånte namna? Kan dei endrast mykje? Låner ein kanskje inn stadnamn med omsetjing frå det lokale språket? Kva er ulikt når landet er bygd frå før og når det er folketomt? Var desse prosessane like i vikingtida og i europeisk kolonisering i moderne tid?
111. Den tapte gullalderen. Fjellbygdene, jarnvinna og marknader i høgfjellet. Samtale med arkeolog Kjetil Loftsgarden
2026/03/26
Fjellbygdene i Sør-Noreg hadde ein gullalder fram til rundt 1300, der marknader i høgfjellet spela ei stor rolle. Kvifor var det slik, og kvifor tok det slutt? Kva var det slags gull dei hadde der oppe? Kor gjekk vegane opp dit, og mellom aust og vest? Kor høgt kunne folk møtast? Kva skjedde på marknadene, utover handel og slåsting? Og kva fortel folketradisjonane om den tapte gullalderen? Andre stikkord: Karneval, skeid, Hallingskeid, Nordmansslepa, Hæreid, Røldal, Kykjestølen, Filefjell, gravfelt, myrmalm.

Podcast reviews

Read Tru og meining i gammal tid podcast reviews


5 out of 5
1 reviews

Podcast sponsorship advertising

Start advertising on Tru og meining i gammal tid relevant audience podcasts


What do you want to promote?

You may also like to advertise on these Podcasts