
Advertise on podcast: Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda
Categories
This podcast has
55 episodes
Publisher
Arne Olav Hageberg (red.)Explicit
No
Date created
2023/06/12
Latest episode
2026/10/02
Average duration
48 min.
Release period
42 days
Description
Bok & bibliotek er podkasten til tidsskriftet med same namn. Her tek vi opp alt som gjeld bibliotek – demokrati, teknologi, politikk, ideologi, forsking, logistikk, arkitektur og mykje meir.
Podcast episodes
Check latest episodes from Bok og bibliotek – to av dei beste tinga i heile verda podcast
#54 Bibliotekpanelet med Knut Olav Åmås, Reidun Brinchmann og Mariann Schjeide
2026/10/02
Velkomen til utgåve to av Bibliotekpanelet! Denne gongen må panelet ta stilling til desse fire ja/nei-spørsmåla:
Er biblioteka den viktigaste ressursen samfunnet allereie har for å kunna løysa lesekrisa?
Har dataspel kunstnerisk og kultruell verdi på lik linje med litteratur, film og musikk?
Har trykte nisjetidsskrift ei framtid?
Er «sensur» eit dekkande samleomgrep for det som skjer når bøker blir utfordra?
I panelet sit denne gongen direktør i Stiftinga Fritt Ord Knut Olav Åmås, biblioteksjef i Froland kommune i Agder Reidun Brinchmann og biblioteksjef ved Høgskulen i Volda Mariann Schjeide.
Saken som ligg til grunn for spørsmåla les du på bokogbibliotek.no.
Vert og intervjuar er som vanleg redaktør Arne Olav Hageberg.
Har du innspel og idear til podkasten? Vi mottek gjerne e-post på [email protected].
#53 Direktør Terje Eid-Hviding om krisa i Biblioteksentralen
2026/09/25
I denne episoden møter vi Terje Eid-Hviding, direktør i Biblioteksentralen, til ein open samtale om den pågåande krisa i konsernet. Han fortel mellom anna om det planlagde salet av Bibliotekenes hus og moglege oppseiingar.
Programleiar er som vanleg redaktør Arne Olav Hageberg. Intervjuet blei gjort fredag 18. september 2026.
Tema i episoden
Om å stoppa blødinga, skaffa seg oversikt og stabilisera organisasjonen.Han skildrar korleis dei tilsette har reagert med sjokk, sinne og uvisse, og kvifor det var avgjerande å ta med folk som kjenner drifta.I samtalen kjem vi også inn på den økonomiske situasjonen, garantiane og gjeldssituasjonen og dei pågåande forhandlingane med kreditorane. Vi snakkar om spenninga mellom dei kommersielle forpliktingane til Biblioteksentralen og samfunnsoppdraget med å tena skular og bibliotek og sikra tilgang til læremiddel.Eid-Hviding snakkar òg om kva biblioteket betyr for han personleg og om sitt eige forhold til lesing, litteratur og bibliotekrom.Tidskoder
04:05 – Terje Eid-Hviding sitt personlege forhold til bibliotek og litteratur05:22 – Om å stoppa blødinga og få kontroll på situasjonen06:22 – Kvifor erfaringane til dei tilsette måtte forma responsen07:21 – Dei første grepa: kortsiktige tiltak, garantiar og dialog med interessentar10:46 – Forhandlingar med utleigarar, advokatar og leigetakarar, éin etter éin12:09 – ESA-saka og dei uavklarte juridiske spørsmåla13:30 – Omfanget av garantiane og langsiktige leigeforpliktingar16:25 – Kvifor det er naudsynt å selja eigedelar20:17 – Kryssubsidiering, intern produktutvikling og strukturelt press24:22 – Kostnadskutt, nedbemanning og kva dei tilsette fekk veta25:31 – Om samarbeidet med fagforeiningane for å finna løysingar30:27 – Eigarmodellen og det kommunale eigarskapet 35:31 – Balansen mellom kommersiell konkurranse og bibliotekverdiane39:21 – Den faktiske samfunnsverdien: bøker, læremiddel og tilgang43:24 – Biblioteksentralen som del av bibliotekoppdraget
#52 Kan Sommarles bli betre?
2026/05/29
I denne episoden får de høyra opptak av debatten Kan Sommarles bli betre? som vi arrangerte i samarbeid med Periskop på sentralen i Oslo onsdag 27. mai.
Utgangspunktet var Oddmund Kårevik sitt innlegg Ta Sommarles til nye høgder! som blei publisert på bokogbibliotek.no og periskop.no i april 2026.
Med i panelet var bibliotekarane Oddmund Kårevik og Ragnhild Malfang, leseforskar Tove Stjern Frønes, Bokslukerprisavnsvarleg i Stiftelsen Lese Christian Goveia Jacobsen, forfattar og fagleiar ved Norsk barnebokinstitutt Steffen René Marandon-Sørum, og Silje Eggum, teamleiar ved fylkesbiblioteket i Vestfold, som skapte og driv Sommarles. Arne Olav Hageberg, redaktør i Bok & bibliotek, var ordstyrar.
Oddmund Kårevik fortel først kvifor han skreiv innlegget om Sommarles og om reaksjonar han har fått. Deretter kjem panelet innom juks og gamification, kven Sommarles passar for, leseeffekt og ferdigheitsutvikling, Sommarleseforteljinga, teikneseriar og andre tekstfattige bøker, skjermbruk og digitalt grensesnitt, litterær kvalitet, representasjon og mangfald, og endå litt til.
Arrangementet var støtta av Fritt Ord.
Periskop.no er eit tverrfagleg, redaktørstyrt nettidsskrift for journalistikk om og kritikk av kultur retta mot born og unge. Sidan lanseringa i 2013 har Periskop hatt som mål å løfta kvaliteten i kunsttilbod for dei under 25, styrka den offentlege samtalen om barnekultur i Norge og vera ei urokråke i si undring over kvalitet og relevans i barnekulturen. Plattformen held seg til redaktør- og Vær Varsom-plakaten, blir støtta av Norsk kulturråd, Fritt ord og Norsk filminstitutt og er medlem i Norsk tidsskriftforening.
Bok & bibliotek det einaste redaktørstyrte og uavhengige mediet i landet som spesifikt dekker bibliotekfeltet – folkebibliotek, fagbibliotek, skulebibliotek, fylkesbibliotek og spesialbibliotek. Frå og med 2026 er det også det einaste bibliotektidsskriftet som kjem ut både på papir og i digitale format. Tidsskriftet er medlem i Fagpressen og Norsk tidsskriftforening.
#51 Sam Helmic frå ALA: – Sensur er ein hammar på jakt etter ein spiker
2026/04/08
Sam Helmick, president i American Library Association (ALA), var hovudtalar under Bibliotekmøtet 2026 i Molde. I denne episoden får du høgdepunkt frå foredraget hen heldt der 18. mars og eit intervju gjort av Arne Olav Hageberg og Ellen Irene Berg Larsen same dag.
Sam Helmick kom fleire gongar attende til formuleringa om at sensur er ein hammar på jakt etter ein spiker, og gjorde det klart at bokforbod og innskrenking av bibliotektilgang ikkje er eit isolert amerikansk fenomen, men at vi no opplever ei felles demokratisk skjebnestund.
Bibliotek er ikkje nøytrale arenaar, understreka Helmick. Dei er intentional spaces – rom bygde med formål: for å skapa tilgang, tillit og samhald.
Helmick peikar òg på dei strukturelle kreftene bak presset mot biblioteka. Når leiaren for OpenAI Sam Altman hevdar at kunnskap vil bli ei vare folk må betala for, står bibliotekarar bokstavleg tala i vegen for han. Finansiering er difor ikkje berre eit driftsspørsmål – det er eit spørsmål om intellektuell fridom.
Til norske bibliotekfolk har Helmick ei klar helsing: «De gjer jobben som USA skulle gjort for ti år sidan» – å gjera folk merksame på kva som skjer.
Og oppgåva er ikkje berre å skildra farvatna. Vi må bygga flåten – gjennom eigne historier, gjennom å engasjera lånarane, og gjennom å hugsa kvifor vi driv med bibliotek, seier Helmick.
Boktips frå Sam Helmick:
Timothy Snyder: Om tyranni – 20 ting vi kan lære av det 20. århundretElizabeth Gaskell: North and South
#50 Bibliotekpanelet om Mette-Marit, Lydbøker, NBT og hovudet til Magnus Lagabøter
2026/03/06
Bok & bibliotek knabbar skamlaust frå NRK og lagar vårt eige «fredagspanel» – velkomen til Bibliotekpanelet!
I denne første utgåva består panelet av:
Monica Isobel Glenna, bibliotekar, litteraturvitar og biblioteksjef på 70,99 grader nord, ved folkebiblioteket i Måsøy kommune.
Mariann Schjeide, bibliotekar med lang erfaring som biblioteksjef i folkebibliotek, først i to små, så i Ålesund. Deretter var ho leiar i Norsk bibliotekforening i seks år frå 2014 til 2020. I dag er ho biblioteksjef ved Høgskulen i Volda og sit i den internasjonale bibliotekføderasjonen IFLA sin ytringsfridomskomite FAIFE.
Den tredje i panelet er Magne Lerø, eigar og dagleg leiar av Medier og Ledelse AS som mellom anna gir ut Dagens Perspektiv og Samtiden. Der er han også ansvarleg redaktør. Han har utdanning i teologi og Master of Management og er ei kjent og aktiv stemme i samfunnsdebatten.
Spørsmåla panelet må ta stilling til denne gongen er:
· Skal Mette-Marit få halda fram som høg beskyttar?
· Bør biblioteka bli ved sin ikkje-kommersielle leist?
· Bør lydbøker kjøpast inn som kulturfondeksemplar?
· Er det fare for amerikanske tilstandar i norske bibliotek?
Sakene som ligg til grunn for desse spørsmåla les du på bokogbibliotek.no.
På tampen måtte vi bare ta ein prat om dette med at Aslak Sira Myhre fekk eit steinhovud av Magnus Lagabøter til ein verdi av 400 000 kroner då han slutta ved Nasjonalbiblioteket, noko dei fleste andre media har skrive om.
Vert og intervjuar er som vanleg redaktør Arne Olav Hageberg.
Har du innspel og idear til podkasten? Vi mottek gjerne e-post på [email protected].
#49 Knut Storberget og Karianne Aam om biblioteka sine roller i krisetider
2026/03/06
2026 er totalforsvarsåret. Treng du gode argument for kvifor biblioteka er avgjerande i dette arbeidet? Treng du inspirasjon til arrangement og tiltak på ditt eige bibliotek? Då er du komen til rett podkastepisode.
Her får du eit opptak av ein samtale mellom Knut Storberget og Karianne Aam frå Litteraturscena til Hamar bibliotek. Arrangementet gjekk føre seg torsdag 27. november 2025 med Bok & bibliotek-redaktør Arne Olav Hageberg som moderator, og tittelen var Bibliotekets rolle i krisetider.
Karianne Aam er nestleiar i Norsk bibliotekforening og seksjonsleiar ved Fylkesbiblioteket i Akershus, Buskerud og Østfold.
Knut Storberget er jurist, statsforvaltar i Innlandet og tidlegare justisministeren (Ap). Han leidde òg Forsvarskommisjonen som i 2023 leverte rapporten som ligg til grunn for mykje av den enorme auken i forsvarsutgifter vi ser for tida. Men som de får høyra i denne episoden er Storberget også ein ambassadør for biblioteka sin spesielt viktige plass i totalforsvaret.
Og mot slutten av episoden får du eit både rørande og tankevekkande historie som Hamar sin eigen folkebiblioteksjef Per Olav Sanner delte då det blei opna for kommentarar frå salen.
#48 Møt vinnarane av Årets bibliotek 2025, Skjåk folkebibliotek
2026/01/16
Den gjevaste av norske bibliotekprisar blei delt ut torsdag 15. januar, og Årets bibliotek 2025 blei Skjåk folkebibliotek i Innlandet fylke.
Er humøret litt så som så? Unn deg sjølv å høyra vinnarintervjuet med den sprudlande gjengen ved Skjåk folkebibliotek! Dei fortel entusiastisk om originale aktivitetar, spanande samarbeid og to suksessfaktor som peikar seg ut!
Dei glade vinnarane er bibliotekleiar Sigrun Eide, fulltidstilsette Ida Marie Banken, ekstrahjelp Laila Rusten, kultursjef Marianne Stensgård og kommunedirektør Ivar Bø, som alle var til stades på Deichman Grünerløkka under utdelinga.
Men først i episoden låner vi øyra til juryleiar og leiar i Norsk bibliotekforening Helene Voldner sine opningsord som gir skikkeleg bibliotekjording. Om du ikkje forstår ordet no, skjønar du det når du har lytta!
Dei andre nominerte til prisen i år, var Deichman Stovner i Oslo, Måsøy folkebibliotek i Finnmark, Narvik bibliotek i Nordland og skulebiblioteket ved Skeiane ungdomsskule i Sandnes, Rogaland.
Prisen blei delt ut av Sunniva Holmås Eidsvoll, stortingsrepresentant og leiar for SV i Oslo. Med seg i juryen hadde ho dagleg leiar i Tekstallmenningen Inga Moen Danielsen, redaktør og dagleg leiar i Pelikanen forlag Eirik Bø, fjorårets vinnar Melita Båfjord frå Tjeldsund folkebibliotek og leiar Helene Voldner i Norsk bibliotekforening.
#47 Avgangsintervjuet med Aslak Sira Myhre
2025/12/04
Etter 11 år i Bibliotek-Norge sin mektigaste posisjon går Aslak Sira Myhre no av som nasjonalbibliotekar.
Bok & bibliotek-redaktør Arne Olav Hageberg har møtt han til ein oppsummerande samtale om digitalisering, statistikk, kommuneøkonomi, digitale utlån, NB si rolle i forvaltinga, forholdet mellom litteraturhusa og biblioteka, leiarmangel, Fosseforedraget og meir til.
Mot slutten deler han også tre boktilrådingar.
Delar av samtalen er gjeven att i papirutgåve 4-25 av Bok & bibliotek som kom ut 2. desember.
#46 Den store litteraturpolitiske debatten – i samarbeid med Prosa
2025/08/08
Prosa – Tidsskrift for sakprosa inviterte til litteraturpolitisk debatt i Oslo 17. juni i år. Høvet var lanseringa av utgåve 2-25 med stortingsvalet som tema. I starten av episoden gjestar redaktør en i prosa Roman Linneberg Eliassen Bok & bibliotek-studioet for å fortelja om rammene for debatten. Deretter kan du høyra denne gjengen debattera på scena til Fritt ord i Uranienborgveien 2 i Oslo:
Marte Blikstad-Balas, styreleiar i NFFOTrude Storheim, statssekretær i Kultur- og likestillingsdepartementet, ArbeiderpartietSilje Hjemdal, kulturpolitisk talsperson, FremskrittspartietKathy Lie, kulturpolitisk talsperson, SVArve Juritzen, bystyrerepresentant i Oslo for HøyreGrunde Almeland, kulturpolitisk talsperson, VenstreArne Olav Hageberg, redaktør i Bok & Bibliotek (ordstyrar)
Kvar vil politikarane gjera for at folk skal lesa meir? Kva meiner dei om om innkjøpsordninger, momsfritak for bøker, biblioteka si rolle og trykte læremidlar? Dette er berre nokre av spørsmåla som blir forsøkt besvart.
Klikk her for å lesa Prosa sin partiguide for litteraturfeltet – med både skjematisk og meir inngåande presentasjon av partia sine standpunkt.
#45 Avsløring av kjeldekritikkproblem gav skulebibliotekaren Holbergpris – med Anne Brit Ingholm og Pål Steiner
2025/07/30
Lærarar meiner dei underviser godt om kjeldekritikk. Elevane meiner dei aldri har lært det, verken på barneskulen, ungdomsskulen eller i vidaregåande. Det er den tabloide versjonen av innhaldet i denne episoden.
Anne Brit Ingholm kan meir enn å lobbyera for skulebibliotek. Då lærarar ved Mailand vidaregåande skule, der ho er bibliotekar, meldte elevane på til «Holbergprisen i skolen», nytta ho høvet til å skriva ein rapport som fekk tittelen «Jeg tror lærerne bryr seg om hvilke kilder vi bruker, men de pleier ikke å si noe om det». For denne vann ho Holbergprisen sin lærarpris – som første skulebibliotekar nokon sinne.
Under VIRAK-konferansen 4. til 5. juni presenterte ho innhaldet i rapporten. Den handlar om korleis avgangselevar i den vidaregåande skulen oppfattar opplæringa i kjeldekritikk og kjeldeføring. Som nemnt var resultata ganske urovekkande.
Etter det engasjerande foredraget fekk Bok & bibliotek sitta ned saman med Ingholm og ein av tilhøyrarane, Pål Steiner. Han er førstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket i Bergen og med i ei forskingsgruppe som med utgangspunkt i Ingholm si undersøking spurte lærarar kva dei meinte om si eiga undervising i kjeldekritikk. Denne episoden er ein miks av utdrag frå Ingholm sitt foredrag og samtalen etterpå.
Noko av det vi kjem inn på, er korleis betalingsmurar kan vera eit demokratisk problem, behovet for eit mykje tettare samarbeid mellom skulebiblioteka og universitets- og høgskulesektoren, utfordringa med at rektorar ikkje veit korleis dei kan bruka skulebibliotekarane, og gode skulebibliotek – med skulebibliotekarar – som det viktigaste bidraget til å løysa problemet med at nye borgarar veks opp utan å kunna kjeldekritikk.
Undervegs i samtalen siterer intervjuaren forsking om korleis digitaliseringa påverkar forskarar sitt kjeldetilfang. Artikkelen det er snakk om blei publisert i Science i 2008 og er skriven av sosiologen James A. Evans. «Electronic publication and the narrowing of science and scholarship» er tittelen, og den handlar om korleis nettbaserte tidsskrift gjer det lettare å finna og dela informasjon, og er enkle å søka i. Men sidan forskarar ofte søker målretta og klikkar seg rundt via lenker i staden for å bla, kan det endra korleis dei brukar forsking. Evans analyserte bruken av 34 millionar artiklar og fann at etter kvart som fleire tidsskrift kom på nett, blei det vanleg å sitera nyare artiklar frå færre kjelder. Før, då forskarar måtte på biblioteket og bla i papirutgåver, las dei breiare og kanskje djupare. No går det fortare, men forskarar endar oftare opp med å lesa og sitera det same som alle andre – ikkje så ulikt ein innleveringspressa elev i vidaregåande skule, med andre ord.
Dette er den tredje episoden med innhald frå VIRAK 2025, og det blir ikkje den siste.
#44 Biblioteka får det verst – Ferske tal om kommuneøkonomi
2025/06/27
«Kutt, kutt, kutt over hele linja». Dette er namnet på ein ny rapport om kommunane sitt kulturarbeid som Telemaksforskning har laga på oppdrag frå Norsk kulturforum (NOKU) og Fagforbundet.
Litt over halvparten av alle dei 357 kommunane i landet reknar med økonomiske innstrammingar i år som i fjor, og ifølje kulturleiarane er det som vil bli hardast ramma bibliotek, kulturskular og kunstformidling. Og når du skal spara pengar på bibliotek, må du kutta stillingar og opningstid.
Denne episoden er eit opptak av ein scenesamtale om rapporten, spelt inn frå tysdag 24. juni under Kulturytring 2025.
I panelet sat Bård Jacobsen, kultursjef i Larvik og styreleiar i NOKU, Stine-Marie Schmedling frå Tønsberg og Færder bibliotek, og Bård Kleppe frå Telemarksforskning.
Gjer deg klar for ein ikkje særleg oppløftande prat, men med både konkrete tips og motiverande perspektiv til bekymra kulturarbeidarar.
Arrangementet var eit samarbeid mellom NOKU, Norsk bibliotekforening og Bok & bibliotek.
#43 VIRAK 2025 - Nye vegar til trygg kunnskap
2025/06/13
Informasjonskompetanse er eit grunnleggande begrep innanfor bibliotek- og informasjonsfag. På universitet og høgskular er det vanleg at bibliotekarane får ansvar for å undervisa studentane om dette. Det same skjer òg ein del i vidaregåande skule, og av og til på grunnskular – om dei er så heldige å ha ein bibliotekar.
Bibliotekarane si undervising i informasjonskompetanse er i rivande utvikling, og Universitetsbiblioteket i Tromsø har lenge lege langt framme. Det allereie ti år sidan dei publiserte iKomp – eit digitalt kurs i informasjonskompetanse som ligg fritt tilgjengeleg for alle å bruka.
I denne episoden fortel førstebibliotekarane Torsein Låg og kollega Helene Andreassen om ein splitter nye modell for undervisning i informasjonskompetanse og akademisk skriving som er utvikla ved det arktiske universitetet. Ved studiestart til hausten skal ein totalrenovert versjon av iKomp vera på plass saman med den nye nettressursen for akademisk skriving, AKS.
Dette er den andre av fleire episodar med innhald frå f*g- og forskingsbiblioteka sin konferanse VIRAK som gjekk føre seg i Drammen 4. og 5. juni i år.
#42 VIRAK 2025 - Fagbibliotek, folkebibliotek og dumme idiotar
2025/06/12
Bok & bibliotek har vore på f*g og forskinsgbiblioteka sin konferanse VIRAK 2025 som gjekk føre seg i Drammen 4. og 5. juni.
I denne første av fleire podkastepisodar derfrå får du først utdrag av biblioteksjef ved Høgskulen i Volda Mariann Schjeide sitt foredrag «Fagbibliotek er frå Venus, folkebibliotek er frå Mars». Deretter svarar filosofen Lars Fredrik H. Svendsen på sitt eige spørsmål "Er vi på vei inn i dumhetens gullalder?" i eit foredrag basert på boka Dumhet, idioti og dumme idioter (Kagge, 2025).
#41 Påskespesial – Er Jesus livets Grandiosa?
2025/04/16
Velkomne til Bok & bibliotek påskespesial 2025 om Bibel 2024.
I mars 2024 kom det ei revidert utgåve av Bibelselskapet si 2011-omsetting av Bibelen. 28. juni same år spelte vi inn eit intervju med forlagsjef i Verbum Arne Christian Konradsen og seniorrådgjevar for bibelomsetting Julian Kirkeby Lysvik.
På den eine sida er det jo dumt med ting som kjem seint ut. På den andre sida – kva er eit år frå eller til når vi snakkar om ei bok med tekstar som er opp til 2700 år gamle? Den er jo også verdas mest lesne bok, og la grunnlaget for bok- og bibliotekorienterte kulturen vi lever i og av.
Her er nokre stikkord som gir eit hint om breidda i samtalen: Disney, Brageprisen, Michael Niemi-romanen Koke Bjørn, skriftrullar i ørkensand, språkvitskap, Bibelen som litterær tekst, poteter og Pizza Grandiosa, C.S. Lewis, Jon Fosse, Hanne Ørstavik og Pontoppidan, Karl Ove Knausgård og Hans Nielsen Hauge, Erasmus av Rotterdam – og noko så konkret som kva for bibelutgåver som bør finnast i eit oppdatert bibliotek.
Eg kan lova at du lærer noko nytt i denne episoden. God lytting!
# 40 Leseulyst – intervju med leseforskar Henirette Romme Lund
2025/02/24
Kor ofte snakkar du med nokon om dei dårlege leseopplevingane? Då den danske leseforskaren Henriette Romme Lund intervjua lesande ungar til doktorgraden sin, fekk ho behov for eit ord som kunne beskriva situasjonane der lesinga opplevest som ork eller plikt. Ordet blei leseulyst.
Arne Olav Hageberg var så heldige å få møta Henriette Romme Lund 24. september i fjor då ho var i Skien for å snakka til deltakarane på Appelsiniaseminaret.
Vi grev ganske så djupt i fenomenet leseulyst. Henriette byr på historier om det ho såg og lærte av dei lesande ungane. Vi kjem inn på motivasjonsteori, personlegdomen sin betydning for leselysta, fake reading, lesekompetanse, lesefellesskap, bokval, og kor viktig det er å læra ungane å gje opp, og mykje meir. Henriette presenterer jamvel ein tredelt definisjon av leselyst.
Store delar av dette intervjuet er gjeve att på trykk i utgåve 1-25 av Bok & bibliotek, men mot slutten kjem mykje som ikkje fekk plass der, om eigne leseerfaringar, djuplesing, og forholdet mellom Netflix, film og bøker. Vi kjem også inn på danske lesetiltak dei siste åra, og ikkje minst fortel Henriette Romme Lund om korleis lystlesarane som ho møtte, Bella og Tami, også strevar med å finna plass til leselysta si i skulen.
Les Henriette Romme Lund sin artikkel "Lad os tale om læseulyst" her.