1758279443
Edder & Galle

Advertise on podcast: Edder & Galle

This podcast has
105 episodes
Language
English
Date created
2024/07/19
Latest episode
2026/10/19
Average duration
53 min.
Release period
9 days

Description

Ole Morten Hobberstad og Per Tore Salte tek deg med på ei engasjerande og innsiktsfull reise gjennom Bryne FK. I denne vekelege podkasten set duoen fokus på klubben – både på godt og vondt. Dei analyserer kampane, deler erfaringar, og har spennande gjester. I tillegg tek podkasten opp tema som er viktige for lytterne, og dei er alltid ute etter spørsmål og innspel frå lytterne om kva dei ønskjer at skal bli tatt opp i episodane.

Unlock Edder & Galle podcast Email contact info,
Listeners & Audience details

Email contact information

Direct podcast contact details

Listeners

Audience numbers & engagement insights

Audience details

Podcast Insights

Podcast episodes

Check latest episodes from Edder & Galle podcast


90 minutt med handlingslamming
2026/10/19
Det går ikkje akkurat på skinner for Bryne om dagen, og det set nok sitt preg på stemninga i vekas episode av Edder & Galle. To tap og eitt uavgjort kjennest mest som tre strake tap, og det er heller ikkje mykje i det spelmessige som får oss til å rope hurra for tida. Vi har framleis handa på rattet når det gjeld den siste kvalifiseringsplassen, men skal me behalde den, må Ørjan Heiberg ta grep. Kanskje er det på tide å gjere byta litt tidlegare og vise vilje til å endre kampbiletet før klokka har passert 90 minutt? Det kan fort bli tidenes dårlegaste børs denne veka, så får de sjølve avgjere om me treff blink eller skyt langt over mål. Me prøver oss sjølvsagt på tipping igjen, men heller ikkje der går det vegen. I tillegg blir det anonyme spørsmål, diskusjonar om me eigentleg er nøgde med sesongen sett under eitt, og usemje om kor mykje betre Bryne kunne ha vore, og ikkje minst kva det kunne ha hatt å seie for tabellplasseringa.
Takk for ingenting, Skien
2026/10/12
I vekas episode av Edder & Galle er vertane tilbake frå Skien og går rett i studio. På Skagerak Arena fekk Bryne eit lite håp om poeng, både eitt og tre, men fem minutt før slutt fann heimelaget vegen til nettmaskene. Dermed blei det null poeng med heim, og håpet om femteplassen fekk seg nok ein trøkk. Heldigvis ligg Bryne godt an til å få ein ny tur til Skien gjennom kvaliken. Onsdag ventar Raufoss, ein kamp Bryne skal vinne, med all respekt for motstandaren. Her er det berre å hente heim alle poenga før turen går vidare til Trondheim og oppgjeret mot Ranheim søndag. I vekas episode tek me ein gjennomgang av begge kampane og ser på kva som ventar Bryne i ei viktig veke.
1–0 er også tre poeng
2026/10/05
Bryne er i form! Det blir i alle fall poeng, sjølv om kampen mot Lyn kanskje ikkje var av det mest imponerande slaget. 1–0-siger og tre nye poeng gjer at vi framleis held på den siste kvalikplassen og endå betre: Vi har fått ei lita luke ned til Hødd på plassen utanfor kvalik. Samtidig sit heile OBOS-ligaen og ventar på avgjerda i Raufoss-saka. Blir det konkurs, eller overlever klubben? Det kan forandra mykje på tabellen. Vi skal sjølvsagt også innom tippinga, der Per Tore held fram med å dra frå resten av feltet. I dei anonyme spørsmåla diskuterer vi kvar vi eigentleg meiner Bryne står kvalitetsmessig akkurat no. Til slutt ser vi fram mot den komande kampen mot Odd på Skagerak, ein stadion Bryne ikkje akkurat har mange gode minne frå.
Kalkulatoren er henta fram
2026/09/23
I dagens episode av Edder & Galle er stemninga mildt sagt god. Det skulle berre mangle! Bryne har nemleg sikra seg plass i neste runde av cupen etter ein solid 4–1 siger mot Bjarg. Og som om ikkje det var nok, så blei det full utteljing i Bergen og. Mot Åsane vart det 4–0, og vår nye superspiss hadde allereie ordna seg hattrick etter berre 40 minutt! Det blir sjølvsagt ein solid børs på gutane. I tippespalta går det derimot som det har gjort tidlegare, nemleg ikkje heilt etter planen. Ei dobbel U gav dessverre ingen gevinst. Nokon tek lærdom av dette i podkasten. Andre gjer det ikkje. Så får me sjå kven som har rett til slutt. Denne veka har me ikkje fått inn spørsmål frå lyttarane, men det betyr ikkje at det manglar tema. Gutane har nemleg fleire ting dei skal snakke seg gjennom. Blant anna skal det jaktast på kvalik. Skal dette ende godt, må kalkulatoren fram, og ein må kanskje rekne med litt «goodwill» undervegs. Det blir og tid til å ta ein nærmare kikk på juvelane på Bryne-midtbana, og kva dei har levert så langt. Avslutningsvis ser me litt framover mot det som ventar. Hovudstadslaget Lyn kjem på besøk til Jæren, og sjølv om kampen framleis ligg litt der framme, er det aldri feil å begynne å lade opp.
Er vi så enkle?
2026/09/14
Sist kamp var det skikkeleg dårleg stemning i Edder & Galle. No slår Bryne Stabæk 2–0 på heimebane, spelar underhaldande fotball, og plutseleg er stemninga og trua tilbake hos nokre av oss. Er vi verkeleg så enkle? Det får de avgjere. For Bryne leverer ein solid kamp mot Stabæk, nesten utruleg etter det vi såg borte mot Strømmen. Samstundes går fleire av dei andre resultata vår veg, og dermed er Bryne for fullt med i kampen om kvalifiseringsplassen til opprykk. Anonyme spørsmål er tilbake, og sjølvsagt dukkar katten til Hobberst opp igjen. Det måtte nesten skje. No ventar Bjarg i cupen før Bryne set kursen mot Bergen og Åsane Arena for seriekamp mot Åsane. Det blir ingen enkel kamp mot eit lag som kan skapa trøbbel, men Per Tore har trua på at Bryne kan ta med seg tre poeng heim. God stemning? Me får sjå kor lenge det varer.
Ein tam kamp, seks tema og ein uroleg haust
2026/09/09
I kveldens episode av Edder & Galle skal vi innom tre hovudpunkt. Først: Vi tek ein kjapp gjennomgang av kampen mot Strømmen. Det var ikkje all verda å hente frå den kampen, så for podkasten sin del er det eigentleg heilt greitt at vi spelar inn episoden tre dagar etter kampslutt og ikkje rett etter. Deretter: Vi køyrer ein ny versjon av «anonyme spørsmål». Denne gongen har vi samla inn det folk har lurt på den siste tida, og kokt det ned til seks sentrale tema som vi diskuterer. Til slutt: Vi skal sjå litt på situasjonen til Stabæk og Bryne. Stabæk er med der oppe, medan Bryne framleis har heng på kvalik. Samtidig har Bryne gitt supportarane sine litt skumle utsikter for hausten, så der er det nok av ting å diskutere.
Spelarsal og store spørsmål
2026/09/02
Bryne er vidare i cupen etter 3–0 mot Rosseland i første runde. Den to–tre minutt lange turen mellom stadionane viser heldigvis den forskjellen som bør vere mellom laga, og Bryne er dermed vidare til neste runde. Men det har vore seld spelarar, viktige spelarar. Det fekk vi kanskje eit tydeleg svar på mot FK Haugesund. For kva har salet av desse spelarane eigentleg hatt å seie for Bryne? Tapet heime mot haugalendingane er vondt nok i seg sjølv, men endå vondare er det at Bryne faktisk ikkje skapte ein einaste skikkeleg farleg situasjon gjennom heile kampen. Som alltid er det sjølvsagt duka for spørsmål frå dykk lyttarar. Vi skal blant anna innom dei nye spelarane som har kome inn i klubben, og ikkje minst: Korleis ser vegen vidare ut? Er det framleis håp om å få Per Tore si tru på kvalifisering til å slå til, eller er det Hobberst som får rett når han spår at Bryne ikkje vil klare det i år?
Farvel, spøkelse!
2026/08/23
I denne episoden av Edder & Galle kan studio endeleg puste letta ut. Bryne har vunne på Øster Hus Arena, og det som lenge har vore omtalt som spøkelset, er endeleg dødt og begravd. Det er sjølvsagt stor glede i studio og blant alle andre som har eit hjarte som bankar for Bryne. Det er positive takter å spore på den sportslege fronten, og det er gledeleg å sjå at Bryne er på rett veg. Også i spørsmålsspalta går det godt. Det kjem inn mange gode spørsmål, og som alltid blir dei svara på, både frivillig og motvillig. Fleire ser no oppover på tabellen i lag med Per Tore, medan Hobberst framleis held fast ved si eiga tru og sine eigne tankar. No ventar ein cuprunde mot Rosseland, og den meiner podkasten bør gå greitt. Den store spenninga kjem derimot når FKH kjem på besøk til Bryne Stadion i helga. Då får vi sjå om Bryne kan byggje vidare på den positive utviklinga. Det er med andre ord mykje å glede seg til i denne episoden av Edder & Galle, med siger i ryggen, gode spørsmål på blokka og ein spennande kamp i vente.
Skal forbanninga på Øster Hus ende no?
2026/08/19
I vekas episode av Edder & Galle er det god stemning. Spissdebut med scoring gav verkeleg optimismen eit løft, og plutseleg ligg vi nærare kvalik enn nokon gong før. Men sigeren mot Moss gav ikkje berre glede. Ein spiss gjekk ned for teljing, og det såg ikkje bra ut. Det er likevel optimisme før kampen på Øster Hus Arena. Bryne har aldri vunne der i seriesamanheng, men skal det skje, så er vi einige om at det må skje no. Forventningane er klare når vi møter eit Sandnes Ulf som ligg nede for teljing. Så får vi sjå om Bryne endeleg kan bryte den forbanninga på Øster Hus Arena.
Stabilt ustabile og heilt passe optimistiske
2026/08/12
I dagens episode av Edder & Galle går me gjennom kampen mot Sogndal. Det vart tre poeng i Saftbygda, og me kan så smått byrje å sjå oppover på tabellen, sjølv om me er einige om at Bryne kanskje er stabilt ustabile. Det har kome inn mange gode spørsmål frå lyttarane. Korleis er engasjementet rundt klubben? Korleis står det eigentleg til med motivasjonen og interessa blant supportarane der ute? Me svarar på alt, eller i alle fall prøver. Avslutningsvis ser me litt fram mot Moss, som ventar på laurdag. Hobberst må berre først få kontroll på kven som eigentleg tok over som trenar no nyleg.
Energilaust, bannerdebatt og overgangsprat
2026/08/06
I dagens episode er noko av det tekniske utstyret vårt minst like energilaust som Bryne-laget såg ut heime mot Strømsgodset. Episode blir det likevel, og vi går grundig gjennom 0–2-tapet mot drammensarane. Denne veka har det også hengt eit banner på stadion. Er det innanfor? Svaret vårt får du i episoden. Bryne har dessutan tent litt pengar på tidlegare spelarar som har funne seg nye klubbar. Betyr det at vi kan vente nye signeringar inn dørene, eller går Bryne inn i den siste delen av sesongen med den troppen dei har i dag?
Frå frykt til fest
2026/07/27
For ein kveld og for ein siger! Bryne reiste til Haugesund med ei tøff oppgåve framfor seg, men tok med seg alle tre poenga heim etter ein sterk 2–1-siger mot serieleiaren. Kampen som podkastduoen frykta på førehand, enda med jubel, lettelse og tre særs viktige poeng. No rettar me blikket mot neste utfordring. Strømsgodset kjem til Bryne, og igjen ventar eit lag som ligg over oss på tabellen. Kan Bryne byggja vidare på storspelet frå Haugesund og halda den gode forma ved lag? Det har òg kome inn fleire spørsmål frå lyttarane om kampen og det som rører seg i overgangsvindauget, og me tek dei opp i denne episoden. Tune inn for mykje god fotballprat!
Kva er det som skjer med Bryne?
2026/07/05
Bryne og Sandnes Ulf deler poenga i lokaloppgjeret på Bryne stadion. Podkastduoen legg ikkje skjul på at dei er skuffa over resultatet, og dei saknar større grep frå trenarteamet i eit forsøk på å endre kampbiletet undervegs. I spørsmålsspalta går det att at mange meiner Bryne må vere modigare frå sidelinja. Fleire etterlyser større og meir treffsikre grep under kampane, og meiner laget ofte er for seint ute med å påverke utviklinga. Det blir òg diskutert om engasjementet rundt Bryne er på veg ned. Det skuffande tilskodartalet på berre 1.800 i lokaloppgjeret blir trekt fram som ein mogleg indikator, og reiser spørsmål om interessa rundt klubben er dalande.
Full brems på Nadderud, no ventar naboen!
2026/06/29
Etter tre strake sigrar var håpet at Bryne skulle halda fram klatringa, men på Nye Nadderud sa det stopp. 2–0-tapet mot Stabæk blir grundig analysert, og vi er samde om at det først og fremst var den svake førsteomgangen som felte Bryne. Laget var ikkje påskrudd, og Stabæk fekk sjå ut som eit lag som høyrer heime i Eliteserien , kanskje endå høgare. Det finst likevel nokre lyspunkt. Bryne løfta seg etter pause, og den betre andreomgangen kan få utslag når spelarane skal vurderast på børsen. I Tippetipset skjer det noko uvanleg: Hobberst bommar på tipset sitt, medan Per Tore endeleg treff. Diverre held ikkje det til gevinst, og no handlar det om å finna tilbake til vinnarsporet, nok ein gong. Til slutt rettar vi blikket mot helgas lokaloppgjer, når Sandnes Ulf kjem på besøk. Kva kan ein venta av rivaloppgjeret, og korleis skal Bryne slå tilbake etter tapet?
Tre poeng, tippetips og turprat
2026/06/23
I kveldens episode av Edder & Galle oppsummerer me kampen mot Åsane. Det blir kanskje ikkje den lengste kampgjennomgangen i historia, men det viktigaste er på plass: Bryne sikra seg tre poeng, og det er det ingen som klagar på. Tippetipsa blir òg gjennomgått, og som vanleg gjekk det betre for nokre enn for andre. Panelet tek dessutan ein prat om kontraktssituasjonane i Bryne. Kven bør få ny avtale, kven står i fare for å forsvinne, og kva tenkjer eigentleg panelet om situasjonen? I ein litt meir uformell del av episoden kjem det spørsmål om fotball-VM som går føre seg no. Kven trur panelet står att som verdsmeister når alt er avgjort? Episoden blir avslutta med ein gjennomgang av den komande bortekampen mot Stabæk. Dette er ein kamp me sjølve skal på, og kva som skjer undervegs på turen kan du faktisk få ein avgjerande påverknad på. Men korleis? Det får du berre svaret på ved å høyre episoden.

Podcast reviews

Read Edder & Galle podcast reviews


0 out of 5
0 reviews

Podcast sponsorship advertising

Start advertising on Edder & Galle relevant audience podcasts


What do you want to promote?