VossaBib

Advertise on podcast: VossaBib

Categories
Country
This podcast has
56 episodes
Language
Publisher
Explicit
No
Date created
2020/12/10
Average duration
36 min.
Release period
58 days

Description

Ein podcast frå Voss bibliotek Ofte ein lett drøs om bøker og det me elles har i samlingane i biblioteket. Nokre episodar har me gjestar andre gongar er det me som jobbar i biblioteket som drøsar. Jingle: Christian Wallevik

Podcast episodes

Check latest episodes from VossaBib podcast


Utsyn mot verda: Cecilie Hellestveit om krigens folkerett, Palestina og Ukraina
2024/01/16
Opptak av føredrag om krigens reglar i høve hendingane i Palestina og Ukraina. Voss bibliotek 10.01.2024. Kva er lovleg sjølvforsvar etter FN-pakten, og når er eit angrep som rammar sivile folkerettsstridig? Og kva reglar gjeld eigentleg på bakken i ein krig?Med folkeretten som bakgrunn vil Cecilie Hellestveit fortelje om dei juridiske utgangspunkta for den forferdelege situasjonen på Gaza og krigen i Ukraina.Cecilie Hellestveit er jurist og konfliktforskar med doktorgrad i internasjonal humanitærrett frå Universitetet i Oslo. Ho er forfattar av fleire bøker, mellom anna om Krigens folkerett (2020) og om krigane i Jemen og Syria. Hennar siste bok, Dårlig nytt frå Østfronten - krigen som endrer alt (2023) handlar om krigen i Ukraina. Samtalen er en del av biblioteket sin nye arrangementsserie «Utsyn mot verda», som tar føre seg ny norsk sakprosa som vender seg mot omverda og internasjonale problemstillingar. Serien er støtta av Fritt Ord.
more
Utsyn mot verda: Odd Karsten Tveit om Palestina
2023/10/09
Høyr Odd Karsten Tveit i samtale med journalist Nils Kvamsdal om boka "Palestina. Israels ran, vårt svik" Tidlegare NRK-korrespondent Odd Karsten Tveit har arbeidd i og med Midtausten i snart 50 år. I sin nye bok fortel han den konfliktfylte historia frå danninga av staten Israel i 1948 og fram til i dag. I ei personleg bok, prega av historier og notat frå eit langt reporterliv, tar Tveit eit oppgjer ikkje berre med Israelsk okkupasjonspolitikk, men også med norsk og vestleg veikleik. Dette er eit opptak frå biblioteket 3. oktober. Samtalen er en del av biblioteket sin nye arrangementsserie «Utsyn mot verda», som tar føre seg ny norsk sakprosa som vender seg mot omverda og internasjonale problemstillingar. Serien er støtta av Fritt Ord.
more
Spenningsbøker til påskekosen
2023/03/25
I denne episoden av Vossabib - drøs får du tips til spenningslitteratur til både born, ungdom og vaksne. Me pratar om bøkene "Til jord skal du bli" av Anders Totland, "Berge" av Jan Kjærstad, "Havets kirkegård" av Aslak Nore, "Jente 17 ikke savnet" av Camilla Sandmo og "Natteravnen" av Johan Rundberg. Lesetipsa om desse bøkene vil snart også vera tilgjengelege på våre heimesider vossbibliotek.no. God påske til alle våre lyttarar.
more
Kvinnedag
2023/03/02
Neste veka er det 8. mars, den internasjonale kvinnedagen. Me gjev tips til bøker som kan passa i anledninga kvinnedagen, og fortel også om ulike arrangement som skal skje på Voss neste veka.  Me snakkar om bøkene Norsk kvinnehistorie på 200 sider av Hege Duckert, Kvinner i kamp og 60 damer du skulle ha møtt av Marta Breen og Jenny Jordal, Rebell av Pénélope Pagieu, F-ordet av Schultz, Breen og Jordahl, Hvem sa hva? av Helene Uri og novellesamlinga Furies av Margaret Atwood og andre tøffe kvinnelege forfattarar.
more
Nye digitale tenester
2023/01/18
Me drøser om bibliotekets digitale tenester - nye og gamle. Lytt for å få vita meir om våre straumetenester for film, digitale aviser og tidsskrift og digitale bøker og lydbøker. Du får også gode tips til innhald bør sjekke ut i dei forskjellige tenestene. Tenestene som vert nemnt er Filmoteket, Filmbib, Flipp, PressReader, Bookbites og Verdensbiblioteket.
more
Frå granitol til nobelprisvinnar og livet med litteraturen
2022/11/09
I denne episoden er me så heldige å ha med oss Merethe Gauden, biblioteksjef i Samnanger og litteraturformidlar av øpste grad. Ho har levd eit liv der litteraturen har sett spor og deler nokre av sine tilrådingar med oss. Du får dessutan høyre Merethe og Ritha drøse om gode leseopplevingar og korleis dei kan prege liva våre. Bøker og forfattarar som blir nemnt: Olan H Hauge Det er den draumen Sondre Bjørgum Utan dekning Jules Verne Kaptein Grants barn Ketil Bjørnstad Verden som var min Karl Ove Knausgård Min kamp Annie Ernaux Hendelsen Jon Fosse Septologien Kurt Aust Hjertets mørke Joseph Conrad Mørkets hjerte Hans Ernst Kinck Noveller Bjørn Ingvaldsen Nattskift i Nekropolis
more
Adaptasjonar - meir enn frå bok til film
2022/10/13
I denne episoden ser me nærare på fenomenet adaptasjon. Ordet adapsjon eller adaptasjon kjem frå det latinske ordet adaptatio, som betyr "god tilpassing". På wikipedia kan me lese at "Adaptasjon innan litteratur er ei tilpassing eller ny produksjon av eit litterært verk som eksempelvis ein roman, novelle eller dikt til ein ny sjanger eller til eit nytt medium som film, teater, tegneserie eller videospill. Ein adaptasjon kan haldast innan same sjanger eller medium og endrast i volum som ved tilpassing av eit stykke til eit mindre teater, eller som ved omskriving til ei alternativ demografisk gruppe (eksempelvis ved ei utgåve tilpassa barn)" Du kan mellom anna høyre om kva tankar me gjer oss om nokre nye og gamle adaptasjonar frå bok til film eller tv-serie. Me er innom ulike sjangrar og forfattarar, i frå J.R.R.Tolkien, til Astrid Lindgren og J.K.Rowling.  Medvirkande i episoden er Lene, Kirsten, Elli og Ritha
more
Tilrettelagt litteratur og lesetimen 8. september
2022/09/07
8. september vert FNs internasjonale dag for lese- og skriveferdighet markert med Lesetimen: Me oppmuntrar alle til å sette seg ned og lese ein time mellom kl. 19-20! Me drøser også om Leser søker bok og om litteratur som er tilrettelagt for lesarar med spesielle behov. Alle kan vera med på lesetimen, sjølv dei som "leser i motvind"!
more
Bibliotekets litteraturpris
2022/08/19
Me innleder dagens episode med ein liten drøs om Neil Gaimans teikneserie The Sandman, før me går vidare til alle dei fine bøkene som er nominert til Bibliotekets litteraturpris i år. Sjå bøkene som er nominert og stem på din favoritt på www.biblioteketslitteraturpris.no!
more
Lesetips til ferien
2022/06/23
I dagens episode av podkasten tipsar Ritha om nokon av dei flotte novellesamlingene me har her på biblioteket, og Elli og Lene drøser om kva bøker dei har tenkt å lesa i sommar. Me ynskjer alle ein god sommar full av gode lesaropplevingar! Bøker denne episoden: Endelig sommer, Vennskapets pris av Kjell Askildsen, Historien om Fru Berg av Ingvild H. Rishøi, Menn som ingen treng og Vente på fuglen av Frode Grytten, Noveller i utvalg av Tove Ditlevsen, No fær huset av Laura Djupvik, Et lite liv av Hanya Yanagihara, Extra Virgin av Annie Hawes, Hesteguttene av John Evo, Evelyn Hugos syv ektemenn av Taylor Jenkins Reid, Sommerboken av Tove Jansson, Tiggerne av Kristin Hauge, Det ender med oss av Colleen Hoover.
more
Vår og sommar på biblioteket
2022/05/11
I denne episoden drøser me om frigjeringsdagen og om programmet for vår og sommar på Voss bibliotek. Helene tipsar om god lokallitteratur rundt okkupasjon og frigjering i 1945, Ritha fortel om den spenande nye arrangementsserien vår Lyrikk, lefser og livshistorier, Anne minner om frøbiblioteket og barnas hagedag og Kirsten informerer om sommarles. I tillegg får du som vanleg masse fine boktips. Bøker denne episoden: Fem år i krig og Fred og atterreising (Avisa Hordaland), Minne frå krigen og frigjeringa (Rongen skule), For fridom og fred (Rekve og Helleve), Gamalt frå Voss (Voss bygdeboknemnd, Voss sogelag, Voss Folkemuseum). Lukta av svart av Ali Hayder, Å kysse en ørken, å kysse en myr (Johanne Fronth Nygren (red.). Urtehagen på Knatten av Annemarta Borgen, Min egen kjøkkenhage av Bella Linde, Så et frø av Annelie Johansson, Hjelp småkrypene av Kristine Kujath Thorp.
more
Verdas bokdag, fabelprosa og boktips
2022/04/27
23. april kvart år markeres Verdas bokdag, og i denne episoden av Vossabib - drøs får du vite kvar dagen har si opprinnelse. Du får også ei innføring i fantasy-litteraturen som står mange av våre hjarter nær, og fleire tips til dagsaktuell sakprosa. Bøker: Jølster Hotell av Katrine Sele, Hitlers rus av Norman Ohler, The First Law-serien av Joe Abercrombie, Alma Freng og solfangfangerne av Ida Tufte Michelsen, Calypso av David Sedaris, Fallesjuke av Randi Fuglehaug. Det blir lest frå Kalypso av Åse Marie Nesse og Det eventyrlige av Tor Åge Bringsværd.
more

Podcast reviews

Read VossaBib podcast reviews


0 out of 5
0 reviews

Podcast sponsorship advertising

Start advertising on VossaBib & sponsor relevant audience podcasts


What do you want to promote?

Ad Format

Campaign Budget

Business Details