1485475595
Diakonalgang

Advertise on podcast: Diakonalgang

This podcast has
41 episodes
Language
English
Explicit
No
Date created
2019/10/29
Latest episode
2026/09/01
Average duration
28 min.
Release period
41 days

Description

Eilev og Ivar har vore diakonar i Den Norske Kyrkja i over sytti år. No går Ivar av etter 43 år i Sauherad. I denne podkast-serien reflekterer dei to diakonane over kva diakoni er, om utfordringar ved å leie det kyrkjelege omsorgsarbeidet , men ikkje minst om glede: «Det er rein nåde å få lov å vera diakon», seier dei. Oppstarten av serien fekk OU-midler gjennom KA (Kirkelig arbeidsgiver- og interesseorganisasjon). No er Diakonalgang ein del av arbeidet til Diakonatet i Vest- Telemark. Her er det prostidiakon Eilev Erikstein som er ansvarleg,

Unlock Diakonalgang podcast Email contact info,
Listeners & Audience details

Email contact information

Direct podcast contact details

Listeners

Audience numbers & engagement insights

Audience details

Podcast Insights

Podcast episodes

Check latest episodes from Diakonalgang podcast


Å GÅ MED LIVET
2026/09/01
Diakoni handlar om å gå saman med menneske gjennom livet, særleg når vegen blir tung å gå. I denne utgåva av Diakonalgang møter me kyrkjerådsleiar Harald Hegstad, som peikar på kor viktig det er å vere nær kvarandre også utanfor klinikkar og kontor. Nyleg deltok han på pilegrimsvandring til Røldal, der fellesskap, tru og livserfaring møttest langs vegen.
VÅR DIAKONIMINISTER
2026/08/21
Lene Vågslid (40) frå Dalen i Tokke og Vest-Telemark er minister for barn, unge ogfamiliar, og har også ansvar for trus- og livssynsfeltet. I dag fekk ho eit kjapt innblikk i korleis ein tenker diakontenesta i Vest- Telemark. Staden varKviteseid, og heimesjukepleia der fortalt om korleis samarbeidet med prostidiakonen fungerer.
LIVET ER MEINING
2026/08/04
Inger Helen Hovden (41) bur på Dalen i Tokke, og arbeider som miljøterapeut ved Vest-Telemark Vidaregåande Skule. I 2011 mista ho bror sin Eivind (15) på Utøya. I denne podkasten reflekterer ho over kva ei slik tap gjer med ein , og om det å kome seg vidare, for som ho seier: Det verste har alt skjedd.
Diakoni er ferskvare
2026/07/14
Etter 25 år som vigsla diakon er Astrid Mattingsdal Nøtland framleis oppteken av å møte menneske der dei er.  No fyller ho 50 år og ser tilbake på eit arbeidsliv prega av både utfordringar, gleder og eit sterkt engasjement for kyrkja sitt diakonale oppdrag.  Velkomne til litt Diakonalgangmed Astrid Mattingsdal Nøtland diakon i Farsund og Lista.
DIAKONI ER VENSKAP
2026/03/03
Sidan 2003 har Ivar Solbu ( 75), diakon emiritus,  vore ein fast gjest i Estland.  Gjennom møtet med Tiina Klement( 52), ein gong elev ved Sagavoll, no prest i Mustapee- kyrkjelyden i Tallin etablerte Ivar og Tiina kontaktar som framleis lever, sjølv om det formelle venskapskyrkjelydtida er over. I denne podkasten høyrer me deira tankar om diakoni og venskapsband. Diakoni er vennskap, seier Ivar og Tiina.
EIN GONG DIAKON- ALLTID DIAKON?
2026/02/15
Kva skjer når seks gamle, i ordets rette forstand, menn med diakonutdanning  frå 1980-talet på Diakonhjemmet, set seg ned for å reflektere over kva for verdiar dei fekk med seg den gongen? Bakgrunnen for samlinga var at ein god kamerat Jan Gustav Hollund, kull januar 1982  ved Diakonhjemmet nett gjekk bort (1959-2026) og denne episoden av Diakonalganger til til eigna han som takk for kameratskapen, og eit ord for diakoni, Møt Øyvind Dåsvatn, ArnfinnRodal, Erling Jacobsen, Asbjørn Finnbak og Bård Kalstad.
PÅ HEILAG GRUNN
2026/01/20
Diakonane i Kristiansand driv eit omfattande felles sorggruppearbeid. Ein av dei som har vore med i mange år, er Arild Tjørve (42), diakon i Vågsbygd. I denne utgåva av Diakonalgang fortel han om kva som kan skje i slike grupper. – Eg kjenner meg ofte på heilag grunn, seier diakonen.
DETTE Å VERE I LIVET
2025/11/20
Eg synest det er fint når møtet med menneske får meg til å tenkje på dikt. Reint konkret: Halldis Moren Vesaas sitt dikt «Dette å vere i livet». Dette: å vera i livet,open for alt ikring,bunden med sterke røtertil menneske og til ting,gi både hjarte og henderi omsorg som aldri svik,var det som gav meining til ferda diog let deg få kjenne deg rik. Ho som leier meg inn i Vesaas sine poetiske ord til si mor, er Renate Hassel (47), leiar for Frivilligsentralen i Nissedal. Høyr henne i denne omgangen av Diakonalgang.
EI HAMN I STORMEN
2025/10/14
Når sjukepleiarstudent Merethe Jørgensdotter Reinskås (45) denne hausten følgjer prostidiakonen i Telemark, nokre dagar får ho innblikk i kva ein diakon gjer i Vest-Telemark. Samstundes er ho i praksis ved DPS i Seljord , ein av dei plassane som høyrer til det diakonale arbeidet til prostidiakonen. No er DPS truga av nedlegging grunna mangel på psykiater. – DPS er ei livline for dei som treng den beste psykiske hjelpa, seier Merethe.
Å SAMLAST GJER GODT 2
2025/08/29
I denne epsiodenen møter ein Lisabeth- Kvalvåg Holm, prostidiakon i Ringsaker, Åse Gudrun Tortveit, prostidiakon frå Bygland og oppover Setesdalen, og tilslutt Maggi Hatløy, i Stavanger domprosti som er prostidiakon for 15 diakonar i Stavanger.
Å SAMLAST GJER GODT 1
2025/08/29
Det var ei tid då prostidiakonane heldt sine fagsamlingar i telefonkioskar, men den tid er forbi. Denne veka var kremen av norske prostidiakonar, det vil seie alle, samla på Haukelifjell. I denne første av to epsisodar møter ein diakonnestor Per Emanuelsen, Atle Eikeland , Søndre Follo prosti og Janne Kristine Eng, Karmøy prosti.
OSCAR OG EG
2025/06/24
Den Norske Kyrkja har om lag 1200 kyrkjelydar. La oss seie at halvparten har Diakoniutval. Somme av utvala har noko større ansvar, og støttar opp om ein heil prostidiakon.Oscar J. Garnes frå Vinje, KFUM-ar, tidlegare kyrkjeverje og KA- tilsett var i tretti år min næraste føresette i diakonien, og absolutt ein å ha med på foreldre samtaler og kontakt-møter. Denne Diakonalgangen, den trettiande, får vera ein liten takktil Oscar Johan får at han si tid tok på seg oppgåva med leie Diakonitvalet for Vest- Telemark.
EIN DIAKON KJEM HEIM
2025/06/13
Sigrid Flaata er 55 år, opphaveleg frå Ål, har lang røynsle som diakon, både på grunnplanet og som kyrkjebyråkrat. Noer ho blitt prosjekt- eller stiftelsesdiakon ved Diakonhjemmet/VID. Då ho ville ut verda hamna ho i Kviteseid, og no skal ho binde saman mangt og mykje under den store utbygginga på  Diakonhjemmet på Steinerud. Den gamle diakoni definisjonen, å vera ein go-betweenar, høver godt på Sigrid, også fordi ho er halvt engelsk. Det er ei kjensle av å kome heim, fortel ho i denne episoden av Diakonalgang.
INKLUDERANDE, TRYGG, MOTSTANDSDYKTIG OG BEREKRAFTIG
2025/05/26
Om du synes overskrifta høyres ut som eitav FN sine berekraftsmål så er det det. Nummer 11. Men det kan og passe på diakon Torbjørg Aalborg( 66)  i Trefoldighetskirken, nett komen tilbake frå tre månadar iLedsager programmet i Betlehem.
SIRI 2.0
2025/02/08
For eit år sidan var Siri SeltveitDanielsen (39) frå Rauland med i denne serien. Då handla det om at ho var nyvigsla diakon i Skien kyrkjelege fellesråd. Sist haust oppdaga ho ein kul på halsen.Det synte seg å vera kreft. Behandlinga gjekk bra ho er no frisk. -Eg valde  å vera mest mogleg opne om sjukdomen. For ein munnleg « bearbeidar» som meg, funka det godt. No er det Siri 2.0.

Podcast reviews

Read Diakonalgang podcast reviews


0 out of 5
0 reviews

Podcast sponsorship advertising

Start advertising on Diakonalgang relevant audience podcasts


What do you want to promote?