1592998242
Språkoppdraget

Advertise on podcast: Språkoppdraget

This podcast has
58 episodes
Language
English
Explicit
No
Date created
2021/11/01
Latest episode
2026/10/06
Average duration
58 min.
Release period
36 days

Description

Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk. Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag. Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by. Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsansvarleg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle språkspørsmål. Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2024? Kva for ord og uttrykk er spesielt gromme i språket vårt? Er det greitt å rette på andre sitt språk? Korleis kan ein skodespelar lære seg så mykje tekst? Er nynorsk eit meir poetisk språk enn bokmål? I Språkoppdraget går vi inn i labyrintane i språket på leit etter svar, i folkeopplysinga sitt namn. Ny episode annankvar onsdag utover hausten. Produsent for Språkoppdraget er Ole Herman Andersen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Unlock Språkoppdraget podcast Email contact info,
Listeners & Audience details

Email contact information

Direct podcast contact details

Listeners

Audience numbers & engagement insights

Audience details

Podcast Insights

Podcast episodes

Check latest episodes from Språkoppdraget podcast


Ingeborg S. Raustøl om røyst, roller og peiskos
2026/10/06
Kveld etter kveld i halvanna år har Ingeborg Sundrehagen Raustøl ikledd seg høge støvlettar og raude paljettar og spelt ein forførande versjon av Tyrkias president Erdoğan i Europavisjonar. Kva skjer med motivasjonen når framsyning nummer 100 nærmar seg? I følgje læraren på Teaterhøgskolen var Ingeborg ein klassisk «La Signora», ein arketype frå commedia dell'arte. Dei siste femten åra har ho vore tilsett ved Det Norske Teatret, og ganske riktig har ho stort sett spelt høgstatusrollar, i spennet frå nazist-teatersjef til engel. Før ho blei skodespelar, var ho programleiar i Kykelikokos med Bowler på NRK. Kan ho framleis telefonnummeret? Veldig mange har også sett henne i rolla som May Halvorsen i Noregs lengstlevande såpeopera, Hotel Cæsar. Som barn var Ingeborg ganske beskjeden. Det hindra ho ikkje i å sende inn til «På skråss»-spalta i Aftenposten. Ho har framleis 4K-nåla som bevis for det. I denne episoden av Språkoppdraget står Ingeborg Sundrehagen Raustøl fram som rettskrivingspedant. Vi snakkar om da ho spelte trommar med Helene Bøksle i Melodi Grand Prix, og ho avslørar at ho uforvarande har komme inn i ein spesiell type nisje-litteratur som lydbokinnlesar. Elles har du høgst sannsynleg høyrt røysta hennar i reklame for til dømes apotek eller sjokolade. Lurar du på kva «peiskos-røyst» er og når den skal brukast, får du svaret i denne episoden av Språkoppdraget. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Maren Bjørseth om Søstrene, språket og Stiklestad
2026/09/02
Regissør Maren Bjørseth har ei dragning mot store, monumentale forteljingar. I haust har ho premiere på Søstrene på Hovudscenen på Det Norske Teatret. Framsyninga er basert på den nesten 700 sider lange romanen til Jonas Hassen Khemiri, om tre søstrer, ein forfattar, og ei historie som strekker seg frå 1980-åra og fram til i dag. 10 dagar før premieren står ho midt mellom god og dårleg tid. Det einaste det ikkje er tid til, er å få panikk. Maren Bjørseth er frå Stjørdal i Trøndelag. Før ho forstod det sjølv, var det klart at ho skulle bli regissør. Utdanninga tok ho i Nederland. Da måtte ho lære seg eit nytt språk, og merka korleis personlegdommen endra seg på det framande språket. Den ordrike trønderen var plutseleg stille. Dessutan var humoren umogleg å omsetje. Ho innsåg at språk er ein nøkkel. I dag er ho ein merittert teaterregissør med framsyningar som Prima Facie, Lehmanntrilogien, Blodråpetall, Mi briljante venninne og Romeo og Julie.  Årets sommar har Bjørseth brukt på å ha regi på «alle spels mor»: Spelet om Heilag Olav. Der skulle ho halde styr på 150 medverkande, profesjonelle og amatørar, hestar og eit lokalmiljø med eit spesielt nært og kjært forhold til historia om slaget på Stiklestad i 1030. Heldigvis trivst Maren Bjørseth godt i det store formatet. Ho har erfart at kunsten å ete ein elefant er å ta ein bit av gongen. Og at den trønderske haldninga til vêret – etter ein ekstremt blaut sommar – er: «det var da ikkje så verst?» Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Terje Strømdahl om Pride, Prøysen og Portveien 2
2026/06/25
I denne episoden av Språkoppdraget får du ein meisterklasse i tekst og undertekst av skodespelar og regissør Terje Strømdahl.   Han har jobba med teater, film og TV i ei årrekke, vunne både Heddaprisen og Kritikarprisen, og blitt omtala som eit nasjonalt ikon. Men han er ikkje glad i skryt og komplimentar. Det han derimot likar, er å vere subtilt bitchy på Facebook.   Strømdahl vaks opp på Grünerløkka – eller Grønnerløkka – i Oslo, i ei tid da det var synonymt med rein arbeidarklasse, fyllikar som sov under buskene i Birkelunden, hyl og skrik, og omsorg for kvarandre. Han har eit sterkt forhold til eiga sosiolekt, med a-endingar og tjukk l.   For mange som vaks opp på 80-talet, er Terje kjensla av ukomplisert barndom. Med Portveien 2, Sorte Maske frå Midt i Smørøyet, og den franske kokken Jean-Claude frå Laurdagsunderhaldninga på NRK.   På tidleg 90-tal stod Terje Strømdahl fram som homofil, og brukte kjendisstatusen sin til å gjere det enklare for andre som kom etter. I haust skal han tolke Alf Prøysen, saman med Knut Anders Sørum og Frida Ånnevik, i konsertframsyninga Prosjekt Prøysen på Det Norske Teatret. Når han syng «Trassvisa hennes Tora», handlar det ikkje berre om tapt kjærleik, men også forbode kjærleik. Kanskje var det akkurat sånn Prøysen hadde tenkt det?   I denne episoden går vi djupt inn i språkets filosofi. Er all tekst løgn? Når Terje Strømdahl deklamerer «Ja, vi elsker», «Å vere eller ikkje vere» og «Mikkel rev», blir språkets uendelege djupn tydeleg for alle.   Terje Strømdahl har pilotsertifikat, sitt eige småfly og favorittordet er «Lufthavn». Men om nokon spør om han har ‘fløyet’, er svaret nei. Terje Strømdahl har ‘flydd’. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Marianne Krogh om 50 år i ensemblet og nervane som aldri går over
2026/05/20
Om du har vore på Det Norske Teatret dei siste 50 åra, er sjansen veldig stor for at du har opplevd skodespelar Marianne Krogh på scenen. 19 år gammal starta ho på teaterets elevskole. No er ho 70 år og har ingen planar om å gi seg med det første. Ho har gått frå å vere den yngste i ensemblet til å bli den eldste. I Språkoppdraget snakkar ho om korleis teateret har utvikla seg på desse åra.   At Marianne Krogh eigentleg er frå Bergen, kan du ikkje høyre. Dialekta måtte ho legge frå seg da ho starta på nynorskteateret. Det var hard jobbing og lange turar i skogen. I dag er språkidealet annleis. Likevel har ho halde på austnorsken. Men av og til snik det bergenske gemytt seg fram. For eksempel når ho tenker at Henrik Ibsen er ein speidar.   I Språkoppdraget snakkar ho om nervane som alltid kjem før ho skal på scenen, om kvifor ML-rørsla frårådde ho å bli skodespelar, og om den gongen Se&Hør ville ta bilde av henne naken på scenen.   Tre gonger har ho vore nominert til Heddaprisen for beste medspelar, og i podkasten fortel ho om kva som gjer eit ensemble godt. Marianne Krogh har ikkje ei draumerolle, men kunne godt tenkt seg å spele mann.  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Hulda Garborg-spesial med Arnhild Skre
2026/05/08
Det Norske Teatret har alt å takke Hulda Garborg for. Faktisk hadde ho ein finger med i det meste vi i dag tenker på som rotnorsk, sånn som bunaden, folkedansen, norsk tradisjonskost og sjølvsagt nynorsk.   I denne spesialepisoden av Språkoppdraget har vi invitert den fremste eksperten på Hulda Garborg, nemleg Arnhild Skre. Ho er historikar, journalist og biograf. I 2011 gav ho ut den store biografien om Hulda Garborg, som ho fekk Brageprisen for.   Hulda Garborg var eit imponerande driftig menneske. Ho var ein pioner i landsmåldramatikken, gav ut den første kokeboka på landsmål og var eit idol for landsmålungdommen. Likevel blei ho ikkje rekna med i arbeidet med den norske språket. Mannen hennar, Arne, meinte grunnen var at ho blei rekna som «bymenneske» og derfor ikkje snakka «norsk» nok. Men Hulda sjølv hadde nokre kontroversielle meiningar om bruksområdet for landsmålet.   I si tid fekk ho kanskje ikkje den merksemda ho fortente. Men arven etter henne ser vi overalt i dag. Hulda Garborg var heilt sentral i norskdomsbygginga som skjedde i Noreg på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Ho blir kalla bunadens mor, og ville nok elska det mangfaldet av bunader vi ser på 17. mai i vår tid, spesielt dei som er sjølvsydde. Ho var ein allsidig forfattar, kulturentreprenør og folkeopplysar. Ho var ei eldsjel og ein pioner i ei lang rekke saker. Der enkelte sat og diskuterte grammatikk, ville Hulda Garborg vise kor allsidig landsmålet og den norske kulturen var. Det gjorde ein best gjennom teateret. Dermed starta ho Det Norske Spellaget, som seinare blei til Det Norske Teatret.  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Fredrik Island Gustavsen om kunstløp, direkteteksting og akrobatikk i språket
2026/02/19
Kva har trippel tålupp og touchmetoden til felles? Begge krev presisjon i lufta og total kontroll i landinga. Det ser leikande lett ut når ein kan det, og smertefullt ut når det går skeis. Men først og fremst har dei dagens gjest i Språkoppdraget til felles!   Fredrik Island Gustavsen jobbar til vanleg i NRK med direkteteksting, men under Vinter-OL er han kommentator i kunstløp. I denne episoden snakkar vi om språk i høg fart – og om kunsten å lande både hopp og setningar stødig. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Marie Blokhus om vaffelrøre, banning og «flink pike»-stempelet
2026/02/17
Kva har nakenbading i vaffelrøre, synestesi og Tverlandet til felles? Marie Blokhus, sjølvsagt. I meir enn 15 år har ho spelt roller på Det Norske Teatret, i alt frå Hamlet og antikkens tragediar, til Fugøetribunalet og barnelege i livskrise i Lars Noréns siste stykke Kommunion. Ho har kjempa seg ut av «flink pike»-stempelet, og vunne Heddaprisen. I denne episoden av Språkoppdraget fortel Marie om si aller første rolle, som fekk henne til å velje teateret, om korleis ho brukar eigne erfaringar i arbeidet med nye karakterar, og kvifor det faktisk var heilt riktig å bade rundt i vaffelrøre i Unge Werthers lidingar. Vi snakkar om nordlendingar og banning (myte eller fakta?), om å pugge manus i ring på stovegolvet, og om at ho i haust skal ha regi på sin aller første musikal! Marie blir framleis kjent igjen som kona til Vidar Magnussen frå NRK-serien Side om side. Vi snakkar om kinopremiere og raud løpar, kulturpolitikk, den tapte tenåringsromanen ingen får lese, og coverlåtar på nynorsk med bandet The Young Suffering Ensembla.  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Julestrømpe med Herborg Kråkevik, Kjersti Horn og ein ulovleg salme
2025/12/23
Julestrømpe med Herborg Kråkevik, Kjersti Horn og ein ulovleg salme Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Ragnhild Holmås om rotta som skotta, språkglede og Donald Duck
2025/12/10
Dagens gjest er minst like glad i språk som oss i Språkoppdraget. Ragnhild Holmås skriv bøker om etymologi for både barn og vaksne. Sidan det snart er jul, får vi i denne episoden artige innblikk i julespråkets etymologi. Har bakverket vi et på Lucia-dagen noko med katter å gjere? Sit den fattige jomfrua i eit lønnetre? Er englane i vedskjulet? Og når nettene blir lange, kva gjer eigentleg dei skottande rottene? I denne episoden får du vite kva ‘puppar’ og Manchester United har til felles, kor namnet avokado kjem frå, og kva opphavet til det universelle «OK» er. Ragnhild Holmås er Noregs første kvinnelege Donald-forfattar, og har skrive fleire historier for Donald Duck & Co som er omsett til fleire språk. Ho har ein personleg vendetta mot svada og stivbeint språk, men er ikkje glad i streng peikefinger og raudpenna. Holmås er Språkoppdragets første gjest med ein Riksmålspris. Heldigvis er ho også medlem i Noregs mållag. Velkommen til ein episode der hugskotta kjem på rekke og rad og språkentusiasmen sit laust!  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Natalie Bjerke Roland om Trump, Pippi og spel
2025/11/24
Dagens gjest har stått på scenen heile livet. Frå den tidlege starten med barnekor og teaterleik, har karrieren gått slag i slag for Natalie Bjerke Roland. Ho har spelt store musikalroller, vore å sjå i TV-seriar som «Rådebank» og «Nissene i bingen», og på film i den politiske satiren «Ingen kommentar».   På Det Norske Teatret står ho for tida på alle tre scenane og speler for utselde hus kveld etter kveld. I den afrofuturistiske framsyninga Sukker på Scene 2, i juleframsyninga Magic Mouse vs. Captitalism på Scene 3, og i Eurovision-musikalen Europavisjonar på Hovudscenen.   I sistnemnde briljerer ho som den amerikanske presidenten Donald Trump. Roland, som sjølv er halvt amerikansk, trudde først det stod feil på rollelista. Da ho forstod at det var riktig, brukte ho timesvis på YouTube for å finne sin indre Donald, både i røyst, kropp og ikkje minst dans. I Språkoppdraget fortel ho om korleis det er å bli bua på av publikum, som ho har blitt i Europavisjonar. Ho har også opplevd å få Trump-parodi i retur frå salen.   Til våren skal ho spele ei anna rolle absolutt alle har eit forhold til, nemleg hovudrolla som verdas sterkaste jente i musikalen Pippi på Sirkus. Dessutan skal ho spele Gudrun i «alle spels mor», Slaget på Stiklestad til sommaren. 2026 byr altså på to ting Natalie Bjerke Roland aldri har gjort før – så det klarar ho sikkert, med elskhug! God lytt!  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Margherita Podesta Heir om omsetjing, Jon Fosse og italiensk grammatikk
2025/09/24
Mange omsetjarar på like mange ulike språk bidreg til å bringe Jon Fosse sin dramatikk og prosa ut i verda. Og med det også eit stykke norsk kultur. Men det er ikkje alt som er like enkelt å få over til lesarar på andre språk. Vi inviterte den italienske omsetjaren til Fosse, Margherita Podesta Heir til Språkoppdraget for å lære meir om korleis ho jobbar. Den dedikerte og erfarne omsetjaren fortel om korleis ho har presentert særnorske fenomen som kveldsmat og brødskive, og meir fosseske fenomen som strilepolet og Jattgeir for italienske lesarar, korleis ho omset dialogar som består berre av pausar og tre ulike måtar å seie ja på, og ho lærer oss om dei grammatiske forskjellane mellom norsk og italiensk som får ho til å rive seg i håret innimellom. Margherita omset også ei rekke andre forfattarar til italiensk, mellom anna romanane til Karl-Ove Knausgård, og vi snakkar litt om kva som er likt og ulikt mellom dei ulike forfattarskapa, og om det er forskjell på å omsetje frå nynorsk og bokmål. Vi tar også ein tur innom Lyngseidet i Troms, der 17 år gamle Margherita hamna heilt tilfeldig som utvekslingsstudent, og der ho lærte seg norsk språk, norsk kystkultur og taus norsk kaffidrikking. Slett ikkje dumt å kunne når du skal omsetje Jon Fosse. Og etter å ha høyrt denne episoden av Språkoppdraget tenker du deg garantert om to gonger før du seier ciao i ein butikk på neste ferie til Italia.  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
#2 Redaksjonsmøte - DIFF, Siri og unnskyldning
2025/09/05
I dagens redaksjonsmøte får vi besøk av kollega, dramaturg og Fossefestival-general Siri Løkholm Ramberg. DIFF står for døra, og Siri tek oss gjennom programmet og alt vi kan gle oss til i årets festival! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Ingerid Stenvold om dialekt, Dagsrevyen og språkstrid
2025/08/26
Sesongens første gjest i Språkoppdraget er kjent frå sjølvaste NRK, der ho har losa oss gjennom sportssendingar, debattar og Dagsrevyen dei siste åra, nemleg Ingerid Stenvold. I denne episoden gir ho oss ei grundig innføring i dialekta si frå Indre Troms, og vi rippar opp i den store språkstriden som vart utløyst då Ingerid var den første som fekk bruke dialekt på Dagsrevyen for 15 år sidan. Det vart hevda at dette ville skape stor irritasjon i befolkninga, og no får vi endeleg svaret: Kor irriterte vart vi? I Språkoppdraget fortel Ingerid om sitt nære forhold til Ivar Aasen si ordbok frå 1873 med gotisk skrift, ho står fram som rettskrivingspedant og ho forklarar kvifor hull er lov å seie i sportssendingar på TV, men ikkje høl. Og så skal vi sjølvsagt snakke om stortingsvalet, der Ingerid tar oss med bak kulissane på direktesendt partileiardebatt og valnattsending. Vi snakkar om politikarspråk og programleiarspråk, om kva som er lov og ikkje lov å seie på tv, om gode og dårlege spørsmål, og vi skal ein gong for alle avlive myten om at programleiaren i Dagsrevyen berre les opp nyheitene.  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
#1 Redaksjonsmøte - Ny sesong!
2025/08/19
Ny sesong av Språkoppdraget, og no i ny drakt! Vi oppsummerer sommaren, kva som skjer på teateret i desse dagar og vi avslører neste gjest. Spørsmål og tips kan sendast til [email protected] eller på sprakoppdraget på IG!  God lytt! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
Frida Ånnevik om cover, knoting og bluesadvokatar
2025/05/22
Frida Ånnevik har komme over frykta for å gå tom for idear, og har minst fem låtar i hovudet som berre skal ut. Den allsidige musikaren og tekstforfattaren har gitt ut seks album og har peishylla full av Spelemannsprisar. Ho jobbar i eit vidstrekt musikalsk landskap med coverlåtar, samarbeid og heilt eigne prosjekt.     For tida kan du oppleve hennar gjendikting av musikalen Once som speler på Det Norske Teatret. Der fekk ho skrive tekstlinjer som «Ein lekk og hjartebroten sugen, trugen støvsugar.» Men også gjendikte den Oscar-vinnande låta «Falling Slowly», som i versjonen til Ånnevik blei «Styrte sakte». Dessutan får vi lære om fenomenet «bluesadvokat».   I denne episoden av Språkoppdraget snakkar vi om skilnaden på google translate og gjendikting, om korleis Spice Girls og Janis Ian høyrest ut på norsk, og kvifor Beyoncé ligg i skrivebordsskuffa til Ånnevik enn så lenge. Vi får høyre om korleis Ånnevik arbeider fram tekstar og musikk, og ho kjem med gode råd til andre som vi vere skapande. For om du drøymer om å bli ein «one hit wonder», er det gode sjansar for at det kan skje. Frida Ånnevik trur nemleg at alle folk har ein låt i seg.  Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

Podcast reviews

Read Språkoppdraget podcast reviews


0 out of 5
0 reviews

Podcast sponsorship advertising

Start advertising on Språkoppdraget relevant audience podcasts


What do you want to promote?