
Advertise on podcast: VossaBib
This podcast has
61 episodes
Language
EnglishPublisher
Voss BibliotekExplicit
No
Date created
2020/12/10
Latest episode
2026/02/02
Average duration
31 min.
Release period
95 days
Description
Ein podcast frå Voss bibliotek Formidling av samlingane våre i biblioteket. I nokre episodar har me gjestar, andre gongar er det me som jobbar i biblioteket som formidlar. Jingle: Christian Wallevik
Unlock VossaBib podcast Email contact info,
Listeners & Audience details
Email contact information
Direct podcast contact details

Listeners
Audience numbers & engagement insights

Audience details
Podcast Insights

Podcast episodes
Check latest episodes from VossaBib podcast
Boktips frå Silje
2026/02/02
I denne episoden fortel bibliotekar Silje Solstad om boka Gustav av Marte Magnusdotter Solem. Podkasten er ein del av serien Under radaren , her tek me for oss bøker me meiner fortener litt ekstra merksemd.
Barnebøker for mellomtrinnet del II
2025/09/08
No er det haust, og Silje og Theresa presenterer eit nytt utval barnebøker for mellomtrinnet i ulike sjangrar.
Bokliste:
Anders Totland - Gunnars rekordbok
Ingunn Røyset - Perfekt
Nina Anderson Sjødal - EMOBITCH
Aleksander R. Kirkwood - Underbyen (1): Bergtatt
Aleksander R. Kirkwood Brown - Tusenfrykt
Thorald Fagertun - Familien Gnork
Iben Akerlie - Nils Non Grata
Jenny Ødven Snildal - Det som tel
Under radaren - Ny norsk litteratur
2025/06/20
Under radaren er eit nytt prosjekt biblioteket har sett i gang med for å synleggjera ny norsk litteratur og forfattarar me meiner fortener meir merksemd og fleire lesararar.
Silje, Theresa og Kirsten har i dag vald seg ut desse forfattarane:
Gunnhild Øyehaug - Her kjem sola (2024)
Ingvild Skølt - Du vil kjenne eit lite stikk (2025)
Ane Barmen - Sitka: pøbelgrannoveller (2024)
(Prosjektet er støtta av Nasjonalbiblioteket)
Ny serie: Under radaren - Ny norsk litteratur
2025/05/20
Høyr vår nye podcastserie Under radaren - ny norsk litteratur
Under radaren er eit nytt prosjekt biblioteket har sett i gang med for å synleggjera ny norsk litteratur og forfattarar som me meiner fortener meir merksemd og fleire lesararar.
Silje, Theresa og Ingrid er fyrst ut med sine valde bøker:
Rannveig Ferne Leite Molven - Virvelgate
Maria Kjos Fonn - Margaret, er du i sorg
Lene Ask - Astrid Løken - Å slåss med varsomme hender
(Prosjektet er støtta av Nasjonalbiblioteket)
Barnebøker for mellomtrinnet - eit utval
2025/04/11
Silje og Theresa startar opp Vossabib sesong 2025 med å presentere eit utval barnebøker i ulike sjangarar
Liste:
Anders Totland: Mamma på dass
Michael Stilson: Elastico - Når du må tape alt for å vinne
Harald Nortun: Kode 6 - Ingen må vite hvem du er
Rut Granli: Ephyra - Invasjonen
Sigbjørn Mostue: Bomber fra grå himmel
Elin Viktoria Unstad: Ulv, ulv og og Død og dalbane
Kristina Ohlsson: Ildhjulet
Hanne Gjerde: Maskinlæreren
Mari Moen Holsve: I pappas hode
Utsyn mot verda: Cecilie Hellestveit om krigens folkerett, Palestina og Ukraina
2024/01/16
Opptak av føredrag om krigens reglar i høve hendingane i Palestina og Ukraina. Voss bibliotek 10.01.2024.
Kva er lovleg sjølvforsvar etter FN-pakten, og når er eit angrep som rammar sivile folkerettsstridig? Og kva reglar gjeld eigentleg på bakken i ein krig?Med folkeretten som bakgrunn vil Cecilie Hellestveit fortelje om dei juridiske utgangspunkta for den forferdelege situasjonen på Gaza og krigen i Ukraina.Cecilie Hellestveit er jurist og konfliktforskar med doktorgrad i internasjonal humanitærrett frå Universitetet i Oslo. Ho er forfattar av fleire bøker, mellom anna om Krigens folkerett (2020) og om krigane i Jemen og Syria. Hennar siste bok, Dårlig nytt frå Østfronten - krigen som endrer alt (2023) handlar om krigen i Ukraina.
Samtalen er en del av biblioteket sin nye arrangementsserie «Utsyn mot verda», som tar føre seg ny norsk sakprosa som vender seg mot omverda og internasjonale problemstillingar. Serien er støtta av Fritt Ord.
Utsyn mot verda: Odd Karsten Tveit om Palestina
2023/10/09
Høyr Odd Karsten Tveit i samtale med journalist Nils Kvamsdal om boka "Palestina. Israels ran, vårt svik"
Tidlegare NRK-korrespondent Odd Karsten Tveit har arbeidd i og med Midtausten i snart 50 år. I sin nye bok fortel han den konfliktfylte historia frå danninga av staten Israel i 1948 og fram til i dag. I ei personleg bok, prega av historier og notat frå eit langt reporterliv, tar Tveit eit oppgjer ikkje berre med Israelsk okkupasjonspolitikk, men også med norsk og vestleg veikleik. Dette er eit opptak frå biblioteket 3. oktober.
Samtalen er en del av biblioteket sin nye arrangementsserie «Utsyn mot verda», som tar føre seg ny norsk sakprosa som vender seg mot omverda og internasjonale problemstillingar. Serien er støtta av Fritt Ord.
Spenningsbøker til påskekosen
2023/03/25
I denne episoden av Vossabib - drøs får du tips til spenningslitteratur til både born, ungdom og vaksne.
Me pratar om bøkene "Til jord skal du bli" av Anders Totland, "Berge" av Jan Kjærstad, "Havets kirkegård" av Aslak Nore, "Jente 17 ikke savnet" av Camilla Sandmo og "Natteravnen" av Johan Rundberg. Lesetipsa om desse bøkene vil snart også vera tilgjengelege på våre heimesider vossbibliotek.no.
God påske til alle våre lyttarar.
Kvinnedag
2023/03/02
Neste veka er det 8. mars, den internasjonale kvinnedagen. Me gjev tips til bøker som kan passa i anledninga kvinnedagen, og fortel også om ulike arrangement som skal skje på Voss neste veka.
Me snakkar om bøkene Norsk kvinnehistorie på 200 sider av Hege Duckert, Kvinner i kamp og 60 damer du skulle ha møtt av Marta Breen og Jenny Jordal, Rebell av Pénélope Pagieu, F-ordet av Schultz, Breen og Jordahl, Hvem sa hva? av Helene Uri og novellesamlinga Furies av Margaret Atwood og andre tøffe kvinnelege forfattarar.
Nye digitale tenester
2023/01/18
Me drøser om bibliotekets digitale tenester - nye og gamle. Lytt for å få vita meir om våre straumetenester for film, digitale aviser og tidsskrift og digitale bøker og lydbøker. Du får også gode tips til innhald bør sjekke ut i dei forskjellige tenestene.
Tenestene som vert nemnt er Filmoteket, Filmbib, Flipp, PressReader, Bookbites og Verdensbiblioteket.
Frå granitol til nobelprisvinnar og livet med litteraturen
2022/11/09
I denne episoden er me så heldige å ha med oss Merethe Gauden, biblioteksjef i Samnanger og litteraturformidlar av øpste grad.
Ho har levd eit liv der litteraturen har sett spor og deler nokre av sine tilrådingar med oss.
Du får dessutan høyre Merethe og Ritha drøse om gode leseopplevingar og korleis dei kan prege liva våre.
Bøker og forfattarar som blir nemnt:
Olan H Hauge Det er den draumen
Sondre Bjørgum Utan dekning
Jules Verne Kaptein Grants barn
Ketil Bjørnstad Verden som var min
Karl Ove Knausgård Min kamp
Annie Ernaux Hendelsen
Jon Fosse Septologien
Kurt Aust Hjertets mørke
Joseph Conrad Mørkets hjerte
Hans Ernst Kinck Noveller
Bjørn Ingvaldsen Nattskift i Nekropolis
Adaptasjonar - meir enn frå bok til film
2022/10/13
I denne episoden ser me nærare på fenomenet adaptasjon. Ordet adapsjon eller adaptasjon kjem frå det latinske ordet adaptatio, som betyr "god tilpassing".
På wikipedia kan me lese at "Adaptasjon innan litteratur er ei tilpassing eller ny produksjon av eit litterært verk som eksempelvis ein roman, novelle eller dikt til ein ny sjanger eller til eit nytt medium som film, teater, tegneserie eller videospill. Ein adaptasjon kan haldast innan same sjanger eller medium og endrast i volum som ved tilpassing av eit stykke til eit mindre teater, eller som ved omskriving til ei alternativ demografisk gruppe (eksempelvis ved ei utgåve tilpassa barn)"
Du kan mellom anna høyre om kva tankar me gjer oss om nokre nye og gamle adaptasjonar frå bok til film eller tv-serie. Me er innom ulike sjangrar og forfattarar, i frå J.R.R.Tolkien, til Astrid Lindgren og J.K.Rowling.
Medvirkande i episoden er Lene, Kirsten, Elli og Ritha
Tilrettelagt litteratur og lesetimen 8. september
2022/09/07
8. september vert FNs internasjonale dag for lese- og skriveferdighet markert med Lesetimen: Me oppmuntrar alle til å sette seg ned og lese ein time mellom kl. 19-20! Me drøser også om Leser søker bok og om litteratur som er tilrettelagt for lesarar med spesielle behov. Alle kan vera med på lesetimen, sjølv dei som "leser i motvind"!
Bibliotekets litteraturpris
2022/08/19
Me innleder dagens episode med ein liten drøs om Neil Gaimans teikneserie The Sandman, før me går vidare til alle dei fine bøkene som er nominert til Bibliotekets litteraturpris i år. Sjå bøkene som er nominert og stem på din favoritt på www.biblioteketslitteraturpris.no!
Lesetips til ferien
2022/06/23
I dagens episode av podkasten tipsar Ritha om nokon av dei flotte novellesamlingene me har her på biblioteket, og Elli og Lene drøser om kva bøker dei har tenkt å lesa i sommar. Me ynskjer alle ein god sommar full av gode lesaropplevingar!
Bøker denne episoden:
Endelig sommer, Vennskapets pris av Kjell Askildsen, Historien om Fru Berg av Ingvild H. Rishøi, Menn som ingen treng og Vente på fuglen av Frode Grytten, Noveller i utvalg av Tove Ditlevsen, No fær huset av Laura Djupvik, Et lite liv av Hanya Yanagihara, Extra Virgin av Annie Hawes, Hesteguttene av John Evo, Evelyn Hugos syv ektemenn av Taylor Jenkins Reid, Sommerboken av Tove Jansson, Tiggerne av Kristin Hauge, Det ender med oss av Colleen Hoover.
Podcast reviews
Read VossaBib podcast reviews
Podcast sponsorship advertising
Start advertising on VossaBib relevant audience podcasts
You may also like to advertise on these Podcasts

4.4371061566
The Megyn Kelly Show
SiriusXM

4.888901269
Fearless with Jason Whitlock
Blaze Podcast Network

4.8118931000
Mind Pump: Raw Fitness Truth
Sal Di Stefano, Adam Schafer, Justin Andrews, Doug Egge

4.8102131585
Tara Brach
Tara Brach

4.541561215
Something You Should Know
Mike Carruthers | OmniCast Media

4.513841343
Strictly Anonymous Confessions
Kathy Kay

4.8292781897
Fantasy Footballers - Fantasy Football Podcast
Fantasy Football

4.62382612
Football Weekly
The Guardian

4.45387666
Two Judgey Girls
Two Judgey Girls

3.8258501152
The Viall Files
Nick Viall